Arlene Vågene blir den første leiaren i Kinn Høgre

KINN HØGRE: Arlene Vågene skal leie det nye felles lokallaget. Ho får med seg Hanne H.Kristensen i styret.

KINN HØGRE: Arlene Vågene skal leie det nye felles lokallaget. Ho får med seg Hanne H.Kristensen i styret. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

To kvinner skal styre Kinn Høgre inn mot valet i 2019. Linda Vika-Svärd frå Vågsøy Høgre tek nestleiarvervet.

DEL

Det er partiet sjølv som stadfestar dette i ein pressemelding. Arbeidet med å danne eit felles lokallag har gått føre seg sidan hausten 2017, og Kinn Høgre er no formelt danna.

Med seg i styret får Vågene og Vika-Svärd med seg Cecilie Halvorsen, Paul Olav Oos, Oddgeir Madsen, Hanne Eva H. Kristensen, Anett Berg, Ørjan Kvalheim, Mats Brunsvik og Morten Hagen.

Partiet har danna ei nominasjonsnemnd som skal gjere den viktige jobben med å finne gode kandidatar til å stå på liste til kommunevalet

Det er danna nominasjonsnemnd som er starta på det viktige arbeidet med å finne kandidatar til å stå på liste til kommunevalet 2019 i Kinn. Dei skal leiast av Edith Aarebrot Madsen, og ho får med seg Inger Grethe Dalehamn, Rune Bortne. Stian Hjelle, Thomas Haugnes og Sylvi Lem.

Artikkeltags