- Vi trur at sidemålsopplæring er viktig både for elevane og for framtida til dei to jamstilte skriftspråka våre. Vi er og glade for at både partileiar Erna Solberg og 1. nestleiar Jan Tore Sanner røysta saman med oss i denne saka.

Det seier fylkesordførarkandidat Noralv Distad frå Aurland lokalpolitikar og 1. vara til Stortinget for Høgre - Jacob Nødseth frå Florø.

Høgre nasjonalt har vore pådrivar for å fjerne sidemålet, noko som i praktisk politikk betyr at det store fleirtalet av elevar i grunnskulen i Norge, ikkje vil lære seg nynorsk.