Høgre nest størst i fylket

Lokale Høgre-folk kan gle seg til Erna Solberg kjem til årsmøtet i helga. Dei har godt nytt å vise til.

Lokale Høgre-folk kan gle seg til Erna Solberg kjem til årsmøtet i helga. Dei har godt nytt å vise til. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Det blæs ein blå valvind eit halvt år før fylkestingsvalet 12. september. Dei blå partia går framover, medan dei raudgrøne går attende.

DEL

Det syner partibarometeret for mars, som Sentio Research Norge har utarbeidd på vegner av Firdaposten, Firda og Sogn Avis.

Nest størst på tinget

Høgre går fram med 10,4 prosent, og ligg i meiningsmålinga for mars på 22 prosent. Med det går dei forbi Arbeidarpartiet, som til no har vore nest størst på fylkestinget. For samstundes med Høgre sin framgang, går Ap sterkt attende. I Sentio si måling går Ap attende med heile 7,9 prosent. Av dei 500 som Sentio har intervjua, ville 20,3 prosent røyste på Ap om det var val no.

Framstegspartiet går til liks med Høgre også fram i meiningsmålinga. Framstegspartiet hadde ein framgang på 3,1 prosent, til 12,6 prosent.

Men sjølv om Høgre no er nest størst i fylket, er Senterpartiet framleis størst. Det trass i at partiet opplevde ein tilbakegang på 5,1 prosent i denne målinga. Sp ligg no på 23,9 prosent.

Usikre veljarar

Høgre sin framgang skjer i all hovudsak på kostnad av Arbeidarpartiet. 13 prosent av morgondagens Høgre-veljarar kjem nettopp frå Ap. Men også veljarar frå Framstegspartiet går litt meir mot midten av partiskalaen: Tre prosent av dei som stemte Frp ved siste val, ville putta Høgre sin stemmesetel i urna om det var val i morgon. Tre prosent kjem også frå Senterpartiet.

Fleire parti slit også med veljarlojaliteten. Berre 47 prosent av dei som stemte Arbeidarpartiet ved førre val, ville stemt Ap på nytt. 33 prosent av dei veit ikkje kva dei ville stemt.

Stort betre er det ikkje i Senterpartileiren. 58 prosent av dei som stemte Senterpartiet ved førre val, ville stemt Sp på nytt. Også Senterpartiet har ein stor del usikre veljarar: 33 prosent av dei som stemte Senterpartiet ved førre val, veit ikkje kva dei ville stemt om det var val i morgon.

Til samanlikning seier 87 prosent av dei som stemte Høgre ved siste val, at dei ville stemt Høgre i morgon òg.

SV i vippeposisjon

Målinga tyder at den sitjande «regjeringskoalisjonen» på tinget, Arbeidarpartiet og Senterpartiet, ville mista fire mandat dersom det var val i morgon.?Dei ville då sitje med 18 mandat. Samanlagt ville dei andre partia sitje med 19 mandat.

Det er om ein ikkje reknar med Sosialistisk Venstreparti. SV er nemleg i vippeposisjon med sine to mandat, dersom Ap- og Sp-koalisjonen vil prøve å få til eit raudgrønt alternativ på fylkestinget òg. Då ville dei fått 20 mandat og fleirtal. Sosialistisk Venstreparti ligg i målinga ganske stabilt, med ein tilbakegang på 0,3 prosent til 5,3 prosent.

Artikkeltags