Høgre fossar fram

Bengt Solheim-Olsen sitt Høgre og Bente Frøyen Steindal sitt Ap er nesten like store i Sentio si spørjeundersøking, utført på oppdrag frå Firdaposten. Foto: David E. Antonsen

Bengt Solheim-Olsen sitt Høgre og Bente Frøyen Steindal sitt Ap er nesten like store i Sentio si spørjeundersøking, utført på oppdrag frå Firdaposten. Foto: David E. Antonsen

Artikkelen er over 8 år gammel

Høgre går kraftig fram i ei lokal meiningsmåling Sentio har utført på oppdrag frå Firdaposten.

DEL

Høgre går fram med heile 13,3 prosent i undersøkinga.

Sentio har ringt 500 menneske i Flora kommune i tidsrommet 1. - 4. november. Og tendensen er klar: Høgre stel veljarar frå alle andre parti.

Alle dei andre partia som er representert i Flora bystyre i dag opplever ein tilbakegang i veljaroppslutning.

Hadde det vore kommuneval i dag ville Høgre fått 11 representantar og Ap 12. I dag har dei høvesvis 6 og 12.

Jacob-effekt

Valekspert Knut Henning Grepstad trur at Jacob Nødseth kan vere mykje av grunnen til at Høyre går så mykje fram som dei gjer.

– Jacob Nødseth har vore ein slags opposisjonspolitikar som har markert seg sterkt. Når det gjeld valet av Bengt Solheim-Olsen som ordførarkandidat, så har valet av ordførarkandidatar liten betydning før på sjølve valdagen, seier han.

- Eit reelt bilde

Grepstad meiner at Sentio si spørjeundersøking gjev eit reelt bilde av den politiske situasjonen i Florø på det noverande tidspunkt.

– Om vi kan leggje til grunn at 500 personar har svart på spørsmålet «kva for eit parti ville du ha røysta på om det var kommuneval i Flora kommune i morgon», så vil eg seie at 500 svar er representativt for Flora, seier Grepstad.

Dei fleste partia Firdaposten har snakka med meiner den dårlege oppslutnaden skuldast for lite profilering av eigne saker i media. Det er ikkje Grepstad heilt samd i.

– Det kan neppe seiast å mangle profilering i forhold til bystyret dei siste år, det har tvert imot vore ei sterk profilering, både i byen og i fylket elles, seier han.

  • Les meir om saka i Firdaposten si papirutgåve tysdag, med fleire resultat frå meiningsmålinga og reaksjonar frå partiene.

Artikkeltags