Gå til sidens hovedinnhold

Høg promille – slepp fengsel

Artikkelen er over 18 år gammel

Sunnfjord tingrett har dømt ein mann i slutten av 40-åra frå Bremanger til 30 dagars fengsel og ei bot på 3000 kroner for å ha køyrt bil påverka både av alkohol, hasjis og fleire roande legemidlar.

Mannen slepp å sone dersom han gjennomfører eit promilleprogram i samarbeid med Kriminalomsorg i Frihet. Retten har her gitt han ei prøvetid på to år.

Blodprøve som vart tatt av mannen to timar etter at han blei stogga av politiet, viser ein alkoholkonsentrasjon i blodet på heile 2,84.
Tiltalte fortalde i retten at alkoholinntaket var så stort same dag og kveld at han rett og slett ikkje hugsa det slag. Derfor kunne han heller ikkje erkjenne noka straffeskyld.

Det heile starta etter at politiet fekk eit anonymt tips. Politiførstebetjent Jansen ved politiet følgde etter bilen og konfronterte mannen med mistanken om promille, då han stogga utanfor heimen sin. Ifølgje Jansen verka mannen då overstadig rusa.

Når det gjeld straffeutmålinga, la retten vekt på at mannen hadde tatt initiativ til å bli kvitt alkoholproblema sine ved å underlegge seg eit rehabiliteringsprogram.