Filmen med Jenny Skavlan og Roger Hilleren i to av hovudrollene skal visast med pomp og prakt og underhaldning fire gonger frå klokka 14 til 18.

- Kortfilm er ein sjanger nye filmskaparar brukar for å trene seg til større produksjonar. Vi kjem sikkert til å lage fleire slike før vi går laust på ein heil spelefilm, fortel Svein Arild Vatsø i Bremanger. Han har vore produsent for filmen, medan Daniel Volle frå Sogndal har vore regissør.

Kurt-Arve Washburn frå Florø skal vere med å underhalde i samband med filmpremieren, enten på filmframsyningane eller på premierefesten om kvelden.