Vi har så mykje hjort at han forandrar landskapet vårt

OVER 40.000: I fjor blei det felt over 40.000 hjort i Norge. No blir det forska på i kva grad ein bestand som truleg tel fleire hundre tusen dyr, påverkar og endrar skoglandskapet vårt i framtida.

OVER 40.000: I fjor blei det felt over 40.000 hjort i Norge. No blir det forska på i kva grad ein bestand som truleg tel fleire hundre tusen dyr, påverkar og endrar skoglandskapet vårt i framtida.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Ny Svanøy-forsking har gitt konklusjonar som bør reise ein viktig debatt.

DEL

Dei siste åra har den norske hjortebestanden auka ekstremt. No blir det skote 35-40.000 dyr årleg, og likevel verkar bestanden å vere i vekst mange stader. Ein skal ikkje lenger tilbake enn i 1980, for å finne fellingstal som var under 8000 dyr per år.

Mest ekstrem er veksten i hjorten sine kjerneområde, på Vestlandet og i Sør-Trondelag. I dag, fredag, disputerer Marte S. Lilleng frå Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) for doktorgrad innan temaet «Økologiske effektar av hjortebeiting i boreal skog.»

La grunnlaget på Svanøy

Mykje av grunnlagsarbeidet har Lilleng gjort på Svanøy, i samarbeid med Norsk Hjortesenter. Her er fleire små teigar gjerda inn som små hegn, der hjorten ikkje har tilgang til å beite. Etter kort tid kan ein fysisk sjå skilnad på planteveksten inne i hegna, kontra på utsida der hjorten har tilgang – både når det gjeld vekst og ikkje minst artsmangfald.

Funna i Lilleengs forsking viser at  store endringar i hjortebestandane i Norge, slik vi har sett siste tiåra, kan gi dramatiske endringar i korleis framtidas skogar vil sjå ut her i landet. At mykje hjort kan medføre skogskader og dermed inntektstap for skognæringa, er vel kjend. Men at hjorten også vil kunne forandre skogane våre, er kanskje ei overrasking for mange.

Hjorten har nådd Lofoten

Og det er ikkje berre plantene som blir påverka. Når plantesamansetjinga blir endra gjennom hjortebeiting, så påverkar det også insektsmangfaldet ganske raskt. Når vi så veit at andre artar igjen er avhengige av insektene, så forplantar påverknaden av hjortebeitinga seg i heile økosystemet.

I framtida, med dagens klimautvikling, så er det ikkje berre Vestlandet og Midt-Norge som vil merke hjorten som miljøpåverkar. Hjorten er i full sving med å innta heile Sør-Norge, og han er også på full frammarsj i Nord-Norge. Nyleg etablerte hjorten seg både i Vesterålen og i Lofoten.

Artikkeltags