Gå til sidens hovedinnhold

Hjortejaktlag skaut to hundar

Artikkelen er over 12 år gammel

To buhundar er skotne av eit jaktlag i Davik. No har eigarane politimeldt jegerane.

Hendinga fann stad sist laurdag, då eit hjortejaktlag hadde sett ut postar og starta eit jag. Men det var ikkje berre tobeinte som jakta i området. Jegerane observerte raskt to buhundar som jaga hjort i området. Jegerane forsøkte så å kontakte eigarane for å få hundane bort, men den eine oppnådde dei ikkje kontakt med, medan den andre henvendinga ikkje førte til noko reaksjon.

- Saka blei meldt til politiet tysdag, og vi er godt i gang med etterforskinga. Vi har avhøyrt både folk frå jaktlaget og hundeeigaren som har politimeldt nedskytinga av hunden sin, seier lensmann Hans Rune Strandos til Firdaposten.

Ifølgje lensmannen har jaktlaget forklart at dei tok ei rådslaging etter å ha observert hundane, før dei sette ut nye postar og køyrde eit nytt jag i terrenget. Då skal hundane framleis ha jaga rundt på dyra, og hadde mellom anna skilt ei kolle frå kalven sin.

- Jegarane opplevde at hjortane var svært stressa, og bestemte seg for å aksjonere. Det blei først skote varselsskot, i håp om å skremme hundane bort. Dette hadde ikkje effekt, og deretter blei det skote eit skot mot kvar av hundane, som begge blei avliva på staden, fortel Strandos.

Det har tidlegare vore problem med laushundar i det aktuelle området, men Strandos påpeikar at dette ikkje handla om dei to hundane som no er avliva.

Dei to hundane som blei skotne skal ha brote seg ut av ein hundegard. Dei var begge unghundar frå same kull. No blir det politiet si oppgåve å finne ut om jegerane har halde seg innanfor krava som blir stillt når det gjeld bruk av naudretten i situasjonar der laushundar jagar hjortevilt på annan manns grunn.

- Dette er ei spesiell sak. Vi snakkar om eit lite bygdesamfunn, og folk skal leve saman også etter hjortejakta, poengterer lensmann Hans Rune Strandos.

Det er inga