Mange vil til Svanøy etter «Gutta på tur»-besøk

GOD DRAHJELP: Kjende ansikt som lagar kortreiste delikatessar, jaktar eller brukar øya som tumleplass, gir god marknadsføringseffekt, seier hjortesenter-leiar Johan T. Solheim (til høgre). Her saman med Gutta på tur-programleiarane Arne Hjeltnes og Arne Brimi.

GOD DRAHJELP: Kjende ansikt som lagar kortreiste delikatessar, jaktar eller brukar øya som tumleplass, gir god marknadsføringseffekt, seier hjortesenter-leiar Johan T. Solheim (til høgre). Her saman med Gutta på tur-programleiarane Arne Hjeltnes og Arne Brimi. Foto:

FLORØ: - Det er ingen tvil om at TV2 sist søndag fekk folk sine auge opp for øya vår, seier Johan Trygve Solheim.

DEL

Mangt eit kjend ansikt har gjesta både Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter tidlegare. Men pågangen etter forrige søndags "Gutta på tur"-episode frå øya ytst i Førdefjorden, har overraska sjølv Johan Trygve Solheim.

- Det har vore stor pågang, ja. Svært mange jegerar har kontakta oss både per telefon og på epost, og ønskjer å kome til Svanøy og jakte på hjort her. Men vi må nok skuffe dei aller fleste, seier dagleg leiar av Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Mange vil sjå øya

Han rår nemleg ikkje over meir enn eit tredvetals fellingsløyve på villhjortar på øya, og det strekk ikkje til, sett opp mot interessa.

Men det er ikkje berre jegerar som likte det dei såg då karar som Bjørn Dæhlie, Arne Brimi, Arne Hjeltnes og spesialgjest Thor Hushovd brukte øya som leikegrind nyleg.

- Det er også mange som har teke kontakt og ønskjer å sjå Svanøy, Hovedgården og mange av dei andre spennande tilboda vi har her ute, seier Solheim, som over dei siste åra har merka ein betydeleg auke i interessa for Svanøy.

Youtube-effekt

- Det er fleire grunnar til det. Kulturtilboda på øya har verkeleg teke seg opp, med festivalar og med kulturlåvekonsertane. Når det gjeld det hjorte-relaterte, ser vi også at Youtube-kanalen vi oppretta, har hatt svært mange visningar. Alt monnar, og det er bra for øya, slår han fast.

No går det slag i slag utover hausten på Svanøy. Sjølv om sommarfestivalane er overstått, har dei stadig nye prosjekt på gang. I skrivande stund pågår det slaktekurs for jegerar, i oktober kjem naturfotograf Jo Stensersen for å halde kurs, og i november blir det arrangert nybyrjarkurs for unge i hjortejakt.

Artikkeltags