Først trening og innskyting av rifla med ein erfaren konkurranseskyttar. Deretter guida hjortejakt i eit av landets beste terreng på Svanøy. Så slakte- og parteringskurs med proffar - for deretter å avslutte med å lage mat saman med kokkeverdsmeister Terje Ness.
- Vi har fått til eit fantastisk opplegg og no håpar eg verkeleg at jaktglade jenter og damer kjenner si besøkstid, seier kvinnekontakt i Flora Jeger og Fiskerforeining, Ellinora Høyvik Grimelid.
Inviterer jenter frå heile landet
Ho lovprisar opplegget som Johan Trygve Solheim og Norsk Hjortesenter har sydd i hop for dei, og Solheim forklarar litt bakgrunnen:
- Vi har i fleire år hatt jaktopplegg for heilt unge og ferske jegerar frå heile landet. I år gjer vi ein vri og endrar litt på konseptet. Det var ikkje så vanskeleg når vi fekk ei så kjekk utfordring som dette, seier Solheim.
Ellinora ber no alle interesserte om å melde si interesse, og det vil bli sett sluttstrek for påmelding den 7. september. Melde seg på kan ein gjere hjå Flora Jeger og Fiskerforeining.
- Invitasjonen går ut til jaktglade jenter i Flora, i fylket og for så vidt i heile landet. Ein treng ikkje vere NJFF-medlem, einaste krav er at ein har teke jegerprøva og har godkjend skyteprøve for storvilt når ein dukkar opp, seier Høyvik.
Jenter i lag blir tryggare
- Kvifor er det viktig at jenter jaktar med jenter? Er ikkje vi karane gode nok?
- Jaudå! Men som kvinne i eit mannsdominert miljø, så merkar eg at usikkerheita fort kan spre seg hjå jenter som er ferske jegerar. Ein vegrar seg kanskje for å spørje om ting, vågar seg ikkje frampå med kniven under slakting og slike ting. Når vi jentene kjem i lag, så trur eg vi blir tøffare og at vi kan lære svært mykje på ei slik helg, seier Høyvik.
Kokkeverdsmeister blir jeger
Jentejakthelga på Svanøy får også storfint besøk av to karar som også er heilt ferske jegerar.
- Ja, det er rart å tenkje på at verken verdsmeister Terje Ness eller suksess-kokken Ole Jonny Eikefjord har drive med jakt, så glade som dei er i hjort som råvare. Men i sommar har dei endeleg teke jegerprøva, kjøpt seg jaktutstyr - og same helga som jentene jaktar, skal dei også debutere på hjortejakt på Svanøy. På kvelden slår dei klutane saman med damene, og vil halde kokkekurs med hjorten som råvare, fortel Johan Trygve Solheim.
Lanserer heilt ny film
Men Solheim har fleire nysatsingar på lager. I går lanserte han ein sjølvprodusert film på youtube, med tittelen «Hjortevilt - fra villmark til spisebord».
Her får du mykje ny kunnskap, og du følgjer ein jeger frå skotsituasjonen i skogen og på fjellet, via slaktebenken, grytene og fram til ferdig servert rett.
- Kva er målet med ein slik film?
- Å auke kunnskapen og dermed interessa for jakt og for å ta vare på den store ressursen som viltkjøt er. Vi lever i ei tid med historisk høge hjorteviltbestandar, der kjøtet utgjer ein stor verdi. Men det fordrar at vi veit korleis vi behandlar og foredlar råvarene, seier Solheim, som skal nytte filmen i kurssamanheng og når han held føredrag. Først ut er askvollingane, som får filmen som ein del av pensum allereie 25. august.
- Eg er svært nøgd med filmen, og vil takke dei som har hjulpe meg med produksjonen, ikkje minst Eirik Husabø som er ein trollmann i studio og som har løfta sluttproduktet mange hakk, seier Solheim.