Vil framleis ha høg kalveskyting

Resultata frå hjortejakta i Flora og Bremanger i 2017 er no klare, og det er auka avskyting i begge kommunar. Her frå hjortejakt på Skorpa.

Resultata frå hjortejakta i Flora og Bremanger i 2017 er no klare, og det er auka avskyting i begge kommunar. Her frå hjortejakt på Skorpa. Foto:

Av

Både i Flora og i Bremanger blei det felt meir hjort i 2017 enn året før.

DEL

Fellingstala for haustens hjortejakt er no klare, og særleg i Bremanger det felt meir dyr enn i 2016-sesongen. Det stadfestar fagleiar skog, Bjørn Henry Martinussen:

- Samanlikna med 2016 er auken på 101 dyr. Vi har framleis høg kalveavskyting, på 33-34 prosent, men den er lågare enn året før (ca 40 prosent, red. merkn), og det er ikkje positivt, seier viltforvaltaren.

Sjekk tala for din kommune eller ditt vald her.

Vil byggje eldre stamme

Martinussen underbyggjer det med at ved å skyte mykje kalv, så sparar ein produksjonsdyr, og fleire av desse får høve til å bli eit år eldre.

- Det betyr større, sterkare og meir robuste dyr - og det er det som er målet, seier Martinussen.

Fellingstala i Bremanger viser at det i 2017 blei delt ut 866 fellingsløyve og skote 744 dyr. Det gir ein fellingsprosent på 86.

I Flora kommune blei det tildelt 846 løyve og felt 747 hjort, som gir ein fellingsprosent på 88,3. Også her er det auke samanlikna med 2016, då det blei skote 720 dyr.

Opp og ned, men auke totalt

I Flora er resultata litt ujamne. Fleire av dei største storvalda har svært gode tal. Tildømes Norddalsfjord med 88,7  prosent felling på 310 tildelte løyve, Skålefjellet med hundre prosent (139 dyr) og Eikefjord storvald med full pott på sine 140 løyve.

I andre ende av skalaen ligg Batalden, der ein ikkje makta å felle ein einaste hjort gjennom heile 2017-sesongen.

Nedskyting i CWD-grenseområda

På fylkesnivå er ikkje tala klare enno. Men frå indre delar av Sogn er det ein markant auke i fellingstala i kommunane Lærdal, Årdal og Aurland, med totalt nesten 1000 felte hjortar. Årsaka til dette er ei ønskt reduksjon av dyrestamma, for om mogleg å minske faren for spreiing av prionsjukdomen CWD. Berre i Lærdal åleine er det skote ca. 700 dyr, noko som er nær ei dobling av dei normale fellingstala i løpet av ein sesong.

Artikkeltags