- Festen er over

Det er fleire slike som må skytast dersom hjortestamma vår igjen skal auke reint kvalitetsmessig, meiner viltforvaltninga. Torsdag kveld blir det stort hjortemøte i Allhuset i Eikefjord.

Det er fleire slike som må skytast dersom hjortestamma vår igjen skal auke reint kvalitetsmessig, meiner viltforvaltninga. Torsdag kveld blir det stort hjortemøte i Allhuset i Eikefjord.

Artikkelen er over 4 år gammel

No må stamma byggjast oppatt, meiner viltforvaltar.

DEL

Om fire dagar står ein ny hjortejaktsesong for døra. I mange år har det blitt henta ut ovstore mengder hjort frå Vestlands-skogane. No er gullalderen over for denne gongen, meiner lokal viltforvaltar Bjørn Henry Martinussen i Bremanger. Torsdag kveld kjem hjorteforskar Vebjørn Veiberg frå Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) til Allhuset i Eikefjord, for å leggje fram tal og kunnskap som hjorteovervakingsprogrammet har produsert, og Martinussen meiner talas tale er klar:

- Vi må ta grep for å auke alderen på dyra i hjortestammen vår. Når 90 prosent av kollene som før kalvar er fem år eller yngre, er det ikkje rart vi får små kalvar og dårleg snittvekt. Vi veit at kollene produserer dei største og finaste kalvane når dei blir 12-13 år gamle.

- Skyt kalv

- Kva er løysinga?

- Den er enkel. Vi må skyte meir kalv, kanskje så mykje som opp mot 50 prosent av dei tildelte løyva. Dette er einaste måte å auke alderen i bestanden på, og dermed investere i framtida, seier Martinussen.

Hjortemøtet på Allhuset er torsdag kveld, og både viltforvaltaren i Bremanger og viltforvaltar Jan Osa i Flora håpar så mange som mogleg av rettshavarar, grunneigarar og jegerar tek turen til møtet, som dekkjer både Bremanger, Flora, Naustdal og delar av Gloppen.

Bruk informasjonen

- Veiberg kjem til å presentere den aller nyaste og oppdaterte kunnskapen som finst om hjorten sine levevanar og trekkmønster. Det er berre to år att av overvakingsprogrammet, så her bør folk kjenne si besøkstid, skaffe seg informasjon - og ikkje minst nytte den i praksis i samband med forvaltninga og avskytinga, oppmodar Jan Osa.

Treng du meir informasjon i forkant av møtet, kan ein ringje Jan Osa på telefon 48031173.

Artikkeltags