Det er Miljødirektoratet som har pålagt kommunane å halde kurs for jegerane i temaet Cronic Wasting Desease (CWD) før årets hjortejakt tek til. Målet er å få samla inn prøvar frå samtlege vaksne dyr som blir felt i løpet av hausten.
Det første møtet blir i Florø (samfunnshuset) måndag 27. august.
På møtet blir det informert om opplæring i å ta prøver, innsending av desse, og korleis dette skal registrerast på nettsida settogskutt.no. Det vert praktisk øving inndelt i grupper.
Kan gå på kurs i nabokommunen
- Utstyr for prøvetaking er kome til kommunen, og dette blir delt ut til valda på møtet, saman med kjevelappar, skjema og anna informasjon til vald/jaktfelt, forklarar viltforvaltar i Flora, Jan Osa i ei pressemelding.
Jegerar som ikkje har høve til å møte på sitt lokale kurs, kan oppsøkje nabokommunar og delta der, og første sjanse til det kjem allereie dagen etter, den 28. august, når Bremanger kommune skipar til kurs på Kolset skule.
Informasjon på nettet
For den som vil lese meir om CWD før møtet, finn ein informasjon på hjorteviltportalen.
Der ligg det informasjon og spesielt videoar om korleis ein tek dei to prøvene, mellom anna denne, som viser korleis ein tek hjerneprøve av hjorten.