Nesten ingen vaksne bukkar att

Det er ikkje lett å halde ein hjortepopulasjon statisk. No er Bremanger inne i ein periode der det må sparast store produksjonsdyr, gjennom å felle mange kalv og ungdyr i staden.

Det er ikkje lett å halde ein hjortepopulasjon statisk. No er Bremanger inne i ein periode der det må sparast store produksjonsdyr, gjennom å felle mange kalv og ungdyr i staden. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Viltkonsulent Bjørn Marthinussen i Bremanger er uroa.

DEL

Martinussen er sakshandsamar for forvaltningsplanen for hjortedyr som formannskapet skal godkjenne onsdag. Det er eit solid og godt gjennomarbeidd dokument der folk frå dei ulike jaktvalda er dregne med på arbeidet. Kommunen har også i mange år hatt ei god innsamling av datagrunnlag.

Situasjonen for hjortebestanden er ikkje god, og derfor er det sett i verk relativt drastiske tiltak. Allereie sist sesong blei det tildelt rekordhøge 60 prosent kalveløyve, for om mogleg å spare flest mogleg produksjonsdyr, deriblant store bukkar.

Les også: Trur hjortestamma er i vekst att

Det er eit faktum at det bakover i tid alltid har vore attraktivt for jegerane å skyte store dyr og då særskilt dei aller største og eldste bukkane.

- Hjortejakta i heile regionen har over tid påvirka bestanden negativt. Innsamla data viser at det nesten ikkje finst vaksen bukk og at der færre bukkar enn koller, konstaterer Martinussen.

Derfor bør det skytast minimum 60 prosent kalv og 1-årige ungdyr i tida framover. Minimum 30 prosent skal vere kalv.

Maksimalt 40 prosent av dei skotne dyra bør vere to år eller eldre. Eldre dyr bør vere maksimalt 22 prosent av jakta.

Med andre ord, lite attraktivt for ivrige troféjegerar som vil henge skryteobjekt på veggane sine.

Artikkeltags