Stadfestar CWD-funn på hjort

Hjerneprøver viser at ei hjortekolle felt på Gjemnes i Møre og Romsdal var smitta av prionsjukdomen CWD. Her ser du kolle og kalv frå Ålfoten frå nokre år tilbake.

Hjerneprøver viser at ei hjortekolle felt på Gjemnes i Møre og Romsdal var smitta av prionsjukdomen CWD. Her ser du kolle og kalv frå Ålfoten frå nokre år tilbake. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Veterinærinstituttet stadfestar no at hjortekolla som blei felt i Møre og Romsdal denne veka, hadde skrantesjuke.

DEL

Skrantesjuke, eller Cronic Wasting Desease (CWD) er allereie registrert på villreinen i Nordfjella. På elg i Midt-Norge er det også gjort registreringar, og mange har frykta for at det berre har vore eit tidsspørsmål om når ein finn dei første positive testane også på norsk hjort.

No er den eit faktum. I helga melde fleire medier om eit mogleg skrantesjukefunn på ei eldre hjortekolle i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Onsdag valde Veterinærinsituttet å kontakte Mattilsynet om det moglege funnet, som skal vere gjort i hjernevevet på eit dyr som elles verka friskt og oppførte seg normalt.

Oppdaga tilfeldig

I går kom stadfestinga frå Veterinærinstituttet: CWD-testing av hjernevevet viser at dyret hadde den frykta sjukdommen.

Hjortekolla er det tiande dyret ein har funne med ulike variantar av CWD, sidan det første funnet blei gjort her i landet ved ein tilfeldig test på villrein frå Nordfjella i april 2016.

Norge er så langt det einaste europeiske landet som har påvist dyresjukdommen, som har vore ei stor plage i USA i mange år.

Som eit første strakstiltak, vil Mattilsynet umiddelbart trappe opp kartlegginga av hjorten i Møre og Romsdal. Funnet av CWD på Vestlands-hjorten vil truleg bety eit heilt nytt forvaltningsregime for den norske hjortestamma, der kraftig uttynning av bestanden dei komande åra garantert vil bli vurdert nøye.

- Stopp nedskytinga av villreinen

Ved Norsk Hjortesenter på Svanøy, har dagleg leiar Johan Trygve Solheim følgjande kommentar:

- Det heiter seg at den som leitar, den finn. Hugs at vi oppdaga CWD i Nordfjella på villreinen ved ein tilfeldigheit. Sidan våren 2016 har ein leita intensivt. Då er det ikkje rart at ein gjer fleire funn - både på elg og hjort. For meg er dette provet på at ein har hatt denne prionsjukdomen i naturen vår lenge, seier Solheim.

- Kva scenario ser du føre deg framover?

- Det første eg håpar på, er at dei stoggar den totale utryddinga av villreinstamma i Nordfjella. Slik situasjonen no er, med påvist CWD på hjort, så er det tilnærma meiningslaust å utrydde ein heil villreinbestand. Hjorten vandrar opp i dei same fjellområda, og vil såleis vere ei evig smittekjelde, seier Solheim.

- Men er det ingen tiltak ein kan iverksetje?

- Jau, ein må gjerne gjere større uttak i bestandane, anten det gjeld elg, rein eller hjort. Men då må ein sørge for å spare dei store, sterke og robuste individa, og late evolusjonen gjere jobben sin. Dessverre er det sistnemnte lite til stades i norsk hjorteviltforvaltning, seier hjorteeksperten.

- Kva følgjer vil det siste CWD-funnet ha for hjorteoppdrettarane?

- Ikkje dei heilt store, etter mitt syn. Tiltak er allereie iverksett, og med klare restriksjonar for transport av tamhjort, sal av avlsdyr og så vidare, så er det langt enklare å halde ein innhegna bestand frisk og sunn, enn å ha kontroll på villhjorten, avsluttar Solheim.

Endrar ikkje Nordfjella-strategien

Sjølv om CWD no er påvist også hos hjort, så påverkar ikkje det strategien ein har lagt for å skyte ned heile villreinbestanden på 2200 dyr i Nordfjella. Det stadfestar seniorforskar i Norsk Institutt for Naturforsking, Bjørnar Ytrehus.

- Sjansane for at det er ulike CWD-variantar som har råka rein, elg og hjort det siste året, er til stades. Vi held på hypotesen om at skrantesjuka som har råka villreinen er av den meir smittsame varianten, og ønsket om å ta ut den smitta villreinstammen står fast, seier Ytrehus til Firdaposten.

- Kva seier du til dei som meiner strategien er kortsiktig og feil, og at ein heller burde late naturen ordne opp sjølv?

- Eg meiner det motsette; at det er ein slik tankegang som er kortsiktig. Det vil i alle fall auke sjansen for at dei komande generasjonane aldri vil få oppleve villrein i fjellområda våre, trur Ytrehus.

Artikkeltags