Historisk samferdselssatsing

FASTLANDSSAMBANDET TIL BREMANGER, OPNING AV FØRSTE VEGETAPPE.  OPNINGA FØREGJEKK VED RUGSUND BRU, PÅ KOLSET PÅ RUGSUNDØY, i 2002.

FASTLANDSSAMBANDET TIL BREMANGER, OPNING AV FØRSTE VEGETAPPE. OPNINGA FØREGJEKK VED RUGSUND BRU, PÅ KOLSET PÅ RUGSUNDØY, i 2002.

Artikkelen er over 10 år gammel

Regjeringa satsar 28 milliardar kroner på samferdsle, og løyver pengar til Bremangersambandet.

DEL

Regjeringa foreslår ei historisk satsing med 28 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2009, for å sikre tryggare, meir miljøvennleg og effektiv samferdsel i heile landet.

Dette er ein auke på 3,2 milliardar kroner frå 2008.

- Eg er stolt av å være samferdselsminister i ei regjering som peikar ut ein annan og langt meir offensiv kurs for å byggje heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Med dette forslaget tek regjeringa eit nytt stort løft for utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet i landet. Regjeringa meir enn oppfyller dei økonomiske rammene for Nasjonal transportplan 2006-2009, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Bremangersamband

Regjeringa gjer framlegg om ei rekkje investeringar og tiltak på riksvegnettet i Sogn og Fjordane, både på stamvegane og på andre riksvegar.

Innanfor den statlege investeringsramma er det sett av midlar til prosjektering og kjøp av grunn for andre del av fastlandssambandet til Ytre Bremanger (riksveg 616 Langsjø – Kolset) og riksveg 609 Dalsfjordsambandet.

Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget når den eksterne kvalitetssikringa av prosjekta er gjennomført.

Regionalt vegnett

Departementet legg til grunn at Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet vil inngå i det framtidige regionale vegnettet etter forvaltningsreformen og at fylkeskommunen blir ansvarleg for finansiering frå 2010.

I dei finansieringsplanane som no ligg føre er det lagt til grunn fullfinansiering med statlege midlar, medrekna alternativ bruk av ferjetilskott.

I tillegg har ein prioritert mindre investeringstiltak, i hovudsak mindre utbetringar. Midlane skal elles nyttast til trafikksikringstiltak og bygging av gang- og sykkelvegar.

Artikkeltags