Inge deltok i sitt syttande VM i hesteskokasting - og tok sin sjuande siger

Inge Byrkjeland - VM i hesteskokasting

Inge Byrkjeland - VM i hesteskokasting Foto:

TEXAS, USA: Inge Byrkjeland vann klassen sin i World Horshoe Tournament, trass sjukdom.

DEL

Han reiste frå Norge til Seattle 5. juli og deretter vidare til Minnesota, før han ankom Texas.

Han seier forma var redusert av sjukdom då han kom, men innstillinga var det ingen ting i vegen med.

– Etter god trening i Norge, var motivasjonen på topp. Eg meinte eg burde ha god sjanse for å hamne i toppen.

I hans klasse var det 16 kastarar, ein kastar to hestesko kvar over ein avstand på 11,35 meter. Det er litt lenger enn dei ti meterane ein kastar i Norge. I meisterskapen kastar ein innandørs med leire rundt stikkene, medan ein i Norge kastar i sand.

– Men no har eg jo vore med nokre gongar, så det er eg van med.

Byrkjeland var i elden 25.-27. juli, og overraska seg sjølv med leiing etter første dagen og eit snitt på 44,5, noko som var ti prosent over det han starta med. Han heldt leiinga både andre og tredje dagen, og stod dermed att som vinnar, i tillegg til at han sette personlege rekordar.

– Det var ei fantastisk oppleving, sjølv om eg hosta og harka meg gjennom konkurransen. Men eg er vel litt sta når det gjeld! 

No er meisterskapen over og Byrkjeland har reist vidare til Los Angeles og og nordover mot Seattle for å treffe slektningar. Los  Angeles  og  nordover  mot  Seattle.

Byrkjeland har altså delteke i konkurransen sju gongar heile 16 gongar tidlegare, noko som har resultert i sju sigrar og fire andreplassar i hans gruppe.

Artikkeltags