Lasermålingar frå to ulike punkt over to veker siste månaden, viser ein gjennomsnittstrafikk forbi på heile 9800 bilar. I det døgnet som hadde høgaste trafikktal passerte om lag 12 000 køyretøy.

Nesten Førde-trafikk

Dette er tal som nærmar seg gjennomgangstrafikken i Førde. Den ligg faktisk berre eit par tusen passeringar under. Til samanlikning viser nyare trafikkteljingar i Kinnvegen og i Havrenesvegen kring 4500 køyretøy per døgn for begge samlevegane.

Trafikksituasjonen kan komme til å aktualisere både at Flora kan få sitt første trafikklys og at planane om lok over Markegata, og fullføring av Markegata som ein del av den store RV 5-opprustinga kan takast fram att frå gløymeboka. Statens vegvesen har ei minstegrense på 5000 bilar i døgnet for å vurdere trafikklys.

Overraskar

Samferdslekoordinator Einar Årsdalsbakke i Flora kommune er overraska over dei store tala. Han er likevel forsiktig med å dra fram dei store konsekvensane.

­– Når tala er såpass høge får det lampene til å lyse raudt hos Vegvesenet, sa Årdalsbakke då han orienterte politikarane i samferdsleutvalet til Flora kommune nyleg.

–­ Slikt arbeid er langsiktig. Men tala er såpass overraskande store at Statens vegvesen no vil komme til Florø for inspeksjon av trafikktryggleiken. Dei vil her sjå nærare på kva punkt ulykkene har skjedde på og vurdere tiltak vi kan sette inn for å trygge trafikantane, særleg dei mjuke. Det kan vere oppmerking eller tiltak i kryss. Vi har skulen i nærleiken. Her ferdast veldig mange barn og unge over vegen som brukar Samfunnshuset, seier Årdalsbakke.

Les meir i e-avisa eller papirutgåva av Firdaposten.