Sist veke steig 16 personar i land på Fugleskjerskaia, etter eit tre dagar langt Svanøy-opphald med lange kursdagar på Norsk Hjortesenter. Der hadde dei fått eit første innblikk i kva som må til for å lukkast i framtida som hjorteoppdrettarar. Kurshaldar morten Nystad frå Norsk Hjorteavlsforening og lokal Hjortesenter-leiar Johan Trygve Solheim likar utviklinga.

- I denne gruppa var kursdeltakar nummer 1000 i Hjortesenter-regi. Vi har halde mange slike kurs over heile landet opp gjennom dei siste 15 åra, og vi har fast eitt eller to kurs her på Svanøy årleg. Pågangen er stor og det er ikkje sjeldan at folk står på venteliste for å sleppe til, seier Johan Trygve Solheim.

Tilskota er på plass

Nystad meiner Norsk Hjorteavlsforening har lukkast med ei viktig målsetjing, som gjer at interessa for å starte med hjort i hegn er aukande:

- Vi har kjempa for at hjorteoppdrettarar skal få dei same tilskotsvilkåra som bønder som driv med tradisjonell kjøtproduksjon. Det siste tilskotet, husdyrtilskotet kom på plass frå i år av, og dette er viktig for at dei som satsar skal ha sjanse til å lukkast, seier Nystad.

- Kven er den typiske hjorteoppdrettaren?

- Bildet er samansett. Ein del satsar i samband med at dei tek over eit gardsbruk i familien og ønskjer å tenkje nytt. Andre legg om produksjonen sin. Vi har fleire døme siste tida på gardbrukarar som legg om frå mjølkeproduksjon og til hjorteoppdrett. Utover det er det stor variasjon, men generelt kan ein seie at det er folk som har litt kapital å investere langsiktig, meiner Nystad.

Og det kan trengast, for ei av investeringane som kostar er bygging av eige slakteri. Hjorten kan ikkje fraktast i bilar til store industrislakteri, så bygging og godkjenning av gardsslakteri må til.

I dag finst det rundt 90 hjorteoppdrettsanlegg her i landet. 75 av dei er medlemmar i Norsk Hjorteavlsforening, og eit av måla til foreninga er å gjere kvarandre gode.

Stor etterspurnad, låg produksjon

- Vi prøver å dele informasjon og kunnskap, der dei litt meir erfarne hjelper nykomarane. Vi er også medlem av ein internasjonal organisasjon og hentar kunnskap og inspirasjon frå andre land. Men her i Norge er vi også langt framme på ein del område, så vi eksporterer også kunnskap, seier Nystad.

- Dei ville hjorteviltbestandane våre er historisk høge, og mykje kjøt blir henta ut frå skogane våre kvar haust. Finst det ein marknad for oppdretta hjortekjøt?

- Det gjer det definitivt. Dei 90 norske anlegga i dag produserer rundt 160 tonn kjøt i året. Det er altfor lite, og målet er å tidoble produksjonen. Sjølv med ei tidobling ville vi nok ikkje klart å dekkje etterspurnaden, seier Morten Nystad.

Han har merka ein tydeleg auke i etterspurnaden dei siste 15 åra. I det ligg det at norske konsumentar i større grad enn før er villige til å betale for kvalitetsmat.

- Kvart år blir det produsert 330.000 tonn kjøt i Norge. Hjortekjøtet vil alltid vere ein liten, men eksklusiv del i det store biletet. Men dermed kan ein også ta betalt for det, og om ein gjer ting rett går det fint an å tene pengar på hjorteoppdrett i Norge i dag. Ein blir ikkje steinrik, men samtidig er det utruleg givande å jobbe med dette, seier telemarkingen, som sjølv starta hjorteoppdrett i Siljan for rundt 10 år sidan.

- Det var faktisk få som var skeptiske; eg fekk stort sett oppmuntringar og støtte frå dag ein, også frå det offentlege. Og eg har ikkje angra ein dag, seier Nystad.