Henta heim tre NM-medaljar

Søskenparet Øyvind og Kristi gjer det skarpt i friidrett.

Søskenparet Øyvind og Kristi gjer det skarpt i friidrett. (Foto: )

To gull og eit sølv har søskena Øyvind og Kristi Strømmen Kjerpeset fått med seg junior-NM i helga.

DEL

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

På søndag sprang Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til gull på 200 meter i finalen under junior-NM på Overhalla. Med det sikra han seg sin andre gull-medalje, sidan han også vann 100-meteren tidlegare i meisterskapen.

På 200-meter var han klokka inn til 21,42, og var suveren framfor Carl Emil Kåshagen (Moelven IL) som tok sølvet med 22,03.

Tidlegare på dagen var veslesøster Kristi Strømmen Kjerpeset også i aksjon. Ho tok sølv i finalen på 100 meter hekk med tida 14,54.

Laurdag tok Hans Sande og Evald Osned Devik frå Gloppen sølv og bronse i sleggje. Marius Vedvik frå Førde sprang inn til sølv på 1500 meter.

Marte Rygg Årdal frå Gloppen tok sølv i sleggje med eit kast på 58,23, Vanessa Sunde Hoel tok sølv i kule, medan Marius Vedvik tok bronse på 500 meter.

Artikkeltags