Henta att på målstreken

Mikael Johansen.

Mikael Johansen. Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

SYKKEL: Etter to kilometer gjekk han i brot og sykla åleine i 70 kilometer. Rett før mål vart Mikael Johansen henta inn.

DEL

Mikael Johansen sette seg ettertrykkeleg i respekt under Fana todagars denne helga. Laurdag fekk han seg ein femteplass, og søndagen var han innstilt på å smelle til. Allereie etter to kilometer stakk han frå hovudfeltet.

-Når du går så tidleg i brot, er du mentalt innstilt på å bli henta inn i løpet av rittet, fortel Johansen. I det publikumsvennlege løpet der ein syklar ei løype på ei knapp mil åtte gonger, fekk hovudfeltet likevel overraskande vanskar med sykkeltalentet frå Florø. For ei gruppe på seks syklistar la seg etter Johansen. Sjølv om dei seks elitesyklistane kunne sykle lagtempo i jakta på leiaren, klarte dei ikkje å knappe inn forspranget.

-Då det var eit par mil igjen, merka eg at dette kunne gå vegen. Med berre ei mil igjen var eg faktisk heilt sikker på siger, seier Johansen. Men i bakken berre 300 meter frå mål vart han henta inn av ein i seksmannsgruppa slik at han måtte ta til takke med andreplassen.

-Det var litt surt å tape på målstreken etter så mange mil åleine i front, men alt i alt er eg ganske nøgd med syklinga denne helga, kom det frå Johansen. Det oppsiktsvekkande brotet frå Johansen gjorde i alle høve til at han markerte seg som eit namn å sjå opp for.

Artikkeltags