Kystverket og Kinn kommune skal sikre stien ut til Hendanes fyr

REISELIVSMÅL: Det finst planar om å gjere Hendanes fyr til eit spektakulært reiselvismål. Dei har til no vore stogga av at stien ut til fyret ikkje har vore god nok. Det kan det bli ei endring på.

REISELIVSMÅL: Det finst planar om å gjere Hendanes fyr til eit spektakulært reiselvismål. Dei har til no vore stogga av at stien ut til fyret ikkje har vore god nok. Det kan det bli ei endring på. Foto:

VÅGSØY: Kystverket set av ein million kroner til utbetring og rassikring av vegen ut til fyret frå 1914

DEL

Kinn kommune bestemde seg allereie før jul for å løyve ein million kroner til å få utbetra vegen ut til Hendanes fyr. Løyvinga blei gitt under føresetnad av at Kystverket stilte opp med tilsvarande sum. Det har Kystverket no bestemt seg for å gjere.

Dermed er det duka for eit spleiselag for å få utført heilt naudsynt vedlikehald og rassikring på stien, og fjellet over fyret. Kystverket har tidlegare rekna ut at det vil koste om lag to millionar kroner å få gjort dette skikkeleg. Det betyr at prosjektet no er fullfinansiert.

Det var Fjordenes Tidende som skreiv om saka først.

Hendanes fyr er eitt av fire fyr som ligg på Vågsøy, og det siste som blei bygd skriv Wikipedia. Det ligg i fjellsida ved inngangen til Kvalheimsvika, rett sør for det meir kjende Kråkenes fyr.

Terje Andreassen i Kystverket seier til Fjordenes Tidende at anbodet vil kome om kort tid.

– Eg sit og jobbar med anbodet akkurat nå, og regner med å få det lagt ut i neste veke, seier Andreassen på telefon frå Kystverket sitt hovudkontor i Haugesund.

Stien ut til Hendanes fyr har vore i så dårleg stand at det ikkje har vore forsvarleg å leige ut fyret, ifølge Andreassen. Håpet er at den utbetringa som no kjem vil gjere det mogleg å realisere planar om å gjere fyret til eit reiselivsmål.

Artikkeltags