Heltemodig innsats berga livet til bilist

Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: Rumenaren som køyrde i sjøen i Svelgen laurdag, kunne ikkje symje. Han blei berga av ein mann som kom bak ulukkesbilen og såg kva som skjedde.

DEL

Mannen som laurdag køyrde i sjøen seks kilometer frå Svelgen har hatt englevakt. Han hamna i sjøen ved utforkøyringa, og låg hjelpelaus i vatnet då ein snarrådig bilist som kom køyrande bak såg kva som skjedde.

Ulukkes-sjåføren kunne ikkje sømje, og den forbipasserande oppfatta raskt situasjonen. Han hoppa i sjøen og fekk berga mannen i land. Det var verkeleg ei heltemodig innsats som truleg berga livet til rumenaren.

Artikkeltags