Vert ny forskingsdirektør ved Helse Bergen

Ny leiar: BJørn Tore Gjertsen tek over som forskingsdirektør ved Helse Bergen frå 01. november.

Ny leiar: BJørn Tore Gjertsen tek over som forskingsdirektør ved Helse Bergen frå 01. november. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Bjørn Tore Gjertsen frå Florø tek over som forskingsdirektør ved Helse Bergen på Haukeland universitetssjukehus. 50-åringen jobbar no som overlege ved Seksjon for forsking og innovasjon (Seksjon for blodsjukdommar), og han er professor i hematologi og prosjektleiar ved Centre of Cancer Biomakers ved universitet i Bergen. Gjertsen tek over den nye jobben 01. november 2017.

– Interessa for forsking har eg nok fått frå foreldra mine. Far min, som var avdelingsoverlege i Florø, kom ofte heim med blodutstyr og anna materiale som eg kunne sjå på. Eg tok også for meg av materiale frå gyngehesten. Den mista både hår og andre bitar på kroppen. Gjennom leik fekk eg auga opp for kor spennande naturen er og kva ein kan oppdage ved å studere det nærmare, fortel Gjertsen til Helse Bergen.

Eit sterkt forskingsmiljø

Gjertsen synest den nye jobben er spennande, og håpar å vere med på å auke kvaliteten på arbeidet ytterlegare.

– Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskings- og innovasjonsmiljø. I rolla som forskingsdirektør får eg vere med på å leie og utvikle regionsjukehuset mot framtida, og det synast eg er spennande. Eg ønsker å halde fram det gode arbeidet som vi allereie gjer og bidra til å auke kvaliteten ytterlegare, held han fram.

Artikkeltags