Dermed vil mannen som driv med akupunktur i Sunnfjord bli granska av Helsetilsynet. Dei vil vurdere tiltale for brot på lova om alternativ behandling. Det var under ei behandling med stikk øvst i nakken at den kvinnelege pasienten fekk ei blødning. Kvinna vart til slutt så sjuk at ho vart først frakta til Førde sentralsjukehus og sendt vidare med luftambulanse til Bergen og Haukeland sjukehus. Der kom legane fram til at blødninga var ein direkte konsekvens av stikket kvinna hadde fått hos akupunktøren.

Assisterande helsedirektør Geir Sverre Braut seier til NRK Sogn og Fjordane at sidan akupunktøren ikkje er autorisert helsepersonell har ikkje Statens Helsetilsyn nokon tilsynsrett. Men helsetilsynet kan sjå på lova om alternativ behandling paragraf ni. No ligg saka på bordet til Sogn og Fjordane Politidistrikt som skal etterforske saka for helsetilsynet.

– At pasienten er nøgd med behandlinga tek ikkje vi stilling til. Vi har ingenting med om pasienten er nøgd eller ikkje. Vi ser berre på om behandlinga har vore forsvarleg og innanfor regelverket, seier Braut til NRK