Svelgen får årets vaksine i hus på onsdag

KLOKT OM DU ER I RISIKOGRUPPA: Snart kan folk få vaksinert seg mot årets komande influensaepidemi, og i Bremanger startar tilbodet opp førstkomande fredag.

KLOKT OM DU ER I RISIKOGRUPPA: Snart kan folk få vaksinert seg mot årets komande influensaepidemi, og i Bremanger startar tilbodet opp førstkomande fredag. Foto:

Av

SVELGEN: Onsdag 17. oktober skal influensavaksinane vere på plass i Svelgen, og frå fredag av kan bremangarar få nålestikket som kan gje betre vinterhelse.

DEL

Om kort tid er dei første tilgjengelege dosane med influensavaksine på plass ved Svelgen helsesenter, melder Bremanger kommune på sine nettsider. Fastlegane i kommunen startar etter planen vaksineringsarbeidet i slutten av denne veka, og i neste, og avhengig av kven du har som fastlege og kvar du bur, er det sett opp ulike tidspunkt der du kan få tilgang til vaksine. Dette står nærmare omtalt på kommunen sine nettsider.

Ifølgje kommunen er det desse gruppene som blir tilrådd å vaksinere seg:

- Alle over 65 år

- Gravide i andre og tredje trimester

- Personar med hjarte- og lungesjukdomar

- Personar med nyre- eller leversvikt

- Diabetikarar

- Personar med svekt immunforsvar

- Personar med enkelte nevrologiske tilstandar

- Personar med alvorleg fedme.

Dei nemnte gruppene over har auka risiko for å få komplikasjonar i samband med eit influensautbrot, til dømes lungebetennelse, og bør vaksinere seg. For den eldre aldersgruppa vil vaksinen også førebyggje slag og infarkt.

Det kostar 250 kroner å få vaksinert seg mot influensa i år.

Artikkeltags