I dag kan du fullføre HPV-vaksineringa di

VIKTIG STIKK: HPV-infeksjonar kan i verste fall gi kreft i livmorhalsen, og styremaktene tilrår kvinner å vaksinere seg. I dag, onsdag, kan du få time for å starte vaksineløpet.

VIKTIG STIKK: HPV-infeksjonar kan i verste fall gi kreft i livmorhalsen, og styremaktene tilrår kvinner å vaksinere seg. I dag, onsdag, kan du få time for å starte vaksineløpet. Foto:

Unge kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, har tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Onsdag ettermiddag har du sjansen i Florø.

DEL

Tre små nålestikk er det som skal til for å verne deg mot ein av dei mest vanlege seksuelt overførbare infeksjonar i verda.

Det mellombelse gratistilbodet blei iverksett i 2016, og om du har starta vaksinasjonsløpet, må den siste av dei tre dosane vere tatt innan 1. juli 2019. Vaksine vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon, skriv Flora kommune på sine heimesider.

HPV-infeksjonen er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg, og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft, og 65 - 100 dør av sjukdommen. Vaksine kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan ikkje vaksinerte kvinner fødd i 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varar i ein toårs periode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6 - 12 månader.

Artikkeltags