Gå til sidens hovedinnhold

No hastar det om du vil ha gratis HPV-vaksine

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Ein ny runde med HPV-vaksinering mot livmorhals-kreft for unge jenter startar i desember.

Kommunelegane i Flora har no sett opp to nye datoar for å starte den tredelte vaksineringsrunden som skal minske sjansane for at unge kvinner får kreft i livmorhalsen.

Vaksineringa mot HPV-viruset er øyremerkt unge jenter fødd i 1991 eller seinare, og no er datoane 5. og 20. desember sett som oppstartsdatoar for vaksineringa, med siste dose innan sommaren 2019, skriv Flora kommune på sine nettsider.

Vaksineringa er frivillig, men for aldersgruppa fødd etter 1991, er det no eit mellombels gratistilbod som går ut i 2018. Difor må interesserte melde seg og kome i gang med vaksineringa no i desember, før tilbodet går ut, skriv kommunen.

Kommentarer til denne saken