Flora blir pilotkommune for primærhelseteam

 Frida Melvær, Høgre.

Frida Melvær, Høgre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Er ein av ni som har fått tildelt plass i eit nytt nasjonalt prosjekt.

DEL

Sunnfjord Medisinske Senter og Flora kommune blir no pilot for den nasjonale nyvinninga «Primærhelseteam».

17 ulike kommunar og bydelar i landet har søkt om å delta i pilotprosjektet om primærhelseteam.

- Ni av desse får tysdag melding om at dei er tildelt plass i dette spanande prosjektet. Høgre og Frp i Sogn og Fjordane er glade for å kunne formidle at Flora er ein av dei heldige kommunane som gjennom ein god og gjennomarbeidd søknad er plukka ut til å delta i prosjektet, skriv partia i ei pressemelding.

– Nytte ressursane betre

Tanken er at ein gjennom å legge til rette for meir teamarbeid og nye arbeidsmåtar kan nytte ressursane i helse- og omsorgstenesta betre. Fastlegane får fleire å dele oppgåvene med, og pasientane vil få eit betre og meir koordinert tilbod.

Fastlege, sjukepleiar og helsesekretær skal arbeide saman for å gi pasientane best mogeleg hjelp ut frå deira behov. Teamet vil i samarbeid med pasienten legge til rette for eit tilpassa tilbod og ei tettare oppfølging.

– Døme på dette kan vere heimebesøk, opplæring  og tilrettelegging. Piloten har som mål å utvikle meir heilskaplege og koordinerte tenester, utnytte kompetanse og betre samarbeidet internt i kommunen si helse- og omsorgsteneste, og med spesialisthelsetenesta, seier Frida Melvær (H).

– Gjennom prosjektet ønskjer helse- og omsorgsdepartementet å vurdere alternative modellar til dagens fastlegeordning, få kunnskap om effekten av ei ny organisering i primærhelseteam, vurdere alternative finansieringsordningar og ikkje minst få kunnskap om korleis dette påverkar tilbodet til pasientane, seier Lars-Svein Drabløs (FrP)

Dei kommunane som deltek i prosjektet vil samarbeide med og lære av kvarandre undervegs i prosjektperioden.

Får dekka utgifter

– Det er sett av 55 millionar i statsbudsjettet for 2018 til piloten. Prosjektet skal gå over 3 år og kommunane får dekka utgifter til administrasjon, tilsetjing av aktuelt personale samt IKT, seier Drabløs.

– Piloten er utvikla av Helsedirektoratet i tett samarbeid med Legeforeininga, Sjukepleiarforbundet, Helsesekretærforbundet og KS. Det er eit nyskapande prosjekt, og det blir spanande å følgje med på dei erfaringane kommunen haustar i åra framover, fortel Melvær.

Artikkeltags