Influensasesongen er starta for fullt

SJUK: Mange ligg heime med influensa rundt om i Sogn og Fjordane for tida.

SJUK: Mange ligg heime med influensa rundt om i Sogn og Fjordane for tida. Foto:

HELSE: Influensaen herjar, og talet på smitta nærmar seg fjorårets toppnivå. Og i år har heller ikkje vaksinen verka optimalt.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– At influensasesongen kjem kvart år er like sikkert som at julaftan kjem. Årets vaksine har heller ikkje fungert så godt, seier legevaktsjef Øystein Furnes ved SYS-IKL til Firda.

Han legg til at influensaen dukkar opp og intensiteten av den vil variere år for år, men at januar, februar og mars ofte er dei verste månadane.

– Det vart som forventa, med ein auke av influensasjuke sidan romjula. Ein har ikkje nøyaktige tal på influensaaktiviteten i Sogn og Fjordane, men den nasjonale førekomsten av influensa nærmar seg det som har vore toppnivået dei siste åra, forklarer Furnes.

Folkehelseinstituttet skriv på nettsida si at det er influensa B som dominerer over heile landet. Vaksinen som blir brukt i år gir derimot best beskyttelse mot influensa A.

– Vaksinen denne sesongen har ikkje vore like god som ein ønska. Sjølv om vaksinen ikkje gir optimal beskyttelse mot alle virus som sirkulerer er det viktig å vaksinere seg. Det er spesielt viktig at dei som er i risikogruppene brukar vaksine, seier Furnes.

Gravide, barn og vaksne med kroniske sjukdommar, og alle over 65 år er i risikogruppene som bør vaksinere seg.

– Det er litt seint å vaksinere seg no, men eg vil likevel råde dei som er i risikogruppene å gjere det. Det viktigaste ein sjølv kan gjere er å ha god handhygiene, og god hostehygiene om ein blir smitta. Blir ein veldig sjuk bør ein oppsøke lege, seier Furnes.   

Artikkeltags