- Eg er redd for at Karl Håkon skal meine at fantasiverda er betre enn den verkelege verda, og at han forsvinn meir og meir inn i den

EIKEFJORD: Karl Håkon Knutsen har CHARGE syndrom og samansette behov. Flora kommune vil ikkje betale for det bu- og aktivitetstilbodet han og familien meiner vil gi best livskvalitet.