Ny runde med trening for Parkinson-råka

NYTT TILBOD I FJOR: Parkinsonråka fekk i fjor eit spesielt tilrettelagt treningskurs for å hjelpe denne pasientgruppa med å oppretthalde livskvaliteten sin. Resultatet av prosjektet var positivt, og no køyrer fysioterapeutar, ergoterapeutar og musikkterapeutar ein ny kursrunde.

NYTT TILBOD I FJOR: Parkinsonråka fekk i fjor eit spesielt tilrettelagt treningskurs for å hjelpe denne pasientgruppa med å oppretthalde livskvaliteten sin. Resultatet av prosjektet var positivt, og no køyrer fysioterapeutar, ergoterapeutar og musikkterapeutar ein ny kursrunde. Foto:

FLORØ: Flora kommune køyrer ein ny runde med spesialisert trening for dei som er råka av Parkinson.

DEL

Det blei suksess sist, og no gjer dei det på ny: Fysio- og ergoterapeutavdelinga i kommunen slår seg saman med ein musikkterapeut, og saman skreddarsyr dei eit treningsopplegg for dei som er råka av Parkinsons sjukdom. Det handlar om trening av kondisjon, stemmebruk, pust, koordinasjons- og balansetrening. Alle desse elementa er viktige å trene viss du er råka av sjukdomen.

Haustens gruppetrening startar 23. september, og det blir to økter i veka i ti veker framover. Kommunen har sett frist for påmelding til 16. september, og du finn meir informasjon om kurset og påmelding på kommunens eigne nettsider.

All trening skjer på dagavdelinga på Flora omsorgssenter, og kurset er retta mot heimebuande med Parkinson som har opplevd funksjonsnedsetjing i samband med sjukdomen. Kurshaldarane understrekar at ein må vere motivert for gje seg i kast med det ti veker lange kurset.



Artikkeltags