Bremangaren Siren Langeland er oppteken av helse og kosthald. Så interessert er ho, at den travle rekneskapsføraren har skipa enkeltmannsføretak der ho ønskjer å hjelpe folk til eit sunnare og friskare liv.

- Ja, eg er nok over snittet oppteken av mat og helse og det som kan gje rett balanse både i kropp og hovud. Du kan vel kanskje kalle det ein yrkesskade, ler den autoriserte rekneskapsføraren.

Kurs i Kalvåg

Helga 2.-3. mars inviterer ho no alle interesserte til eit kurs på Knutholmen i Kalvåg. Og målet er at du skal gjere deg opp din eigen helserekneskap, og finne ein balanse i livet som styrkjer helsa di.

- Eg har vore så heldig å få napp hos Mette-Marit Nordby, som driv selskapet Din mat og helse. Ho er ein etterspurd føredragshaldar innan denne tematikken, etter at ho sjølv tok tak i eiga helse og gjekk frå å vere temmeleg sjuk til å bli frisk. Ho sleit med ME, migrene, allergiar og tok medisin mot det meste - men blei berre dårlegare. Så nullstillte ho, blei meir kritisk til all medisinen ho tok, endra kosthaldet og livsstilen - og blei frisk, fortel Siren.

Sunn kost kan bidra

- Men kan ein ete seg frisk frå sjukdom?

- Nei, det kan ein ikkje. Men ein kan yte eit stort bidrag gjennom livsstil og kosthald, og det er dette vi ønskjer å formidle, seier Siren engasjert.

Med på laget denne helga har ho også Carola S. Vestby på Carolas Buaspa, vegg i vegg med Knutholmen, og på fredag blir det eit buabesøk for alle kursdeltakarane.

God påmelding

- Vi skal verkeleg kose oss denne helga. Det blir mykje lærdom om mat og helseendring - og tankemønster. Og maten vi skal få servert blir sunn, rein lokalmat, fortel Siren.

Ein god del har allereie meldt seg på kurset, men Siren har framleis plass til fleire, om nokon vil melde seg på.