Hepatitt C skal eliminerast som folkehelseproblem i Norge

MÅ HA: For å eliminere Hepatitt C må kommunen ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengeleg for alle injiserande stoffmisbrukarar

MÅ HA: For å eliminere Hepatitt C må kommunen ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengeleg for alle injiserande stoffmisbrukarar Foto:

HELSE: Ingen i Norge skal døy eller bli alvorleg sjuke som årsak av hepatitt C-virus, og førekomsten skal reduserast med 90 prosent innan utgonga av 2023.

DEL

Det er Helse- og omsorgsdepartementet sine to hovudmål i Nasjonal strategi mot hepatitter 2018-2023.

Ansvar og oppgåver

Helsedirektoratet har laga ein implementeringsplan for å nå desse måla. Denne omtalar kommunane og helseføretaka sine ansvar og oppgåver, og inneheld nasjonale faglege råd.

Planen skal hjelpa kommunane og helseføretaka til å førebyggje smitte, diagnostisere og behandla alle med kronisk hepatitt C, slik at målet om å eliminere hepatitt C-infeksjon som folkehelseproblem blir nådd. Dette er ikkje eit nytt ansvar eller nye oppgåver.

Det kan bli behov for ekstra innsats frå helsepersonell, og det stiller krav til organisering, ressursar og gjennomføring i ei tidsavgrensa periode.

Gratis og tilgjengeleg brukarutstyr

Kommunen skal ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengeleg for alle injiserande stoffmisbrukarar som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen. Dette følgjer av smittevernlova.

Fylkesmannen er beden om å følgje med på om utdeling av nødvendig brukarutstyr er ein del av planen for kommunen sin helse- og omsorgsteneste (jamfør smittevernlova paragraf 7-1 tredje ledd), og at det er etablert tiltak som gjer brukarutstyr enkelt og gratis tilgjengeleg. Fylkesmannen vil difor om kort tid sende ut eit skjema for kartlegging av status i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Artikkeltags