Lyser ut legestillinga for tredje gong. Er alle gode ting tre?

LEGEVAKTUTPRØVING: Kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus, viser fram ein prøvemodell for legevakt om natta.

LEGEVAKTUTPRØVING: Kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus, viser fram ein prøvemodell for legevakt om natta. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SVELGEN: – Vi må berre fortsetje å søkje, seier kommunalsjef Randi Ytrehus.

DEL

Bremanger kommune lyser no ut for tredje gongen stillinga som den femte legen i kommunen. Stillinga er både som kommuneoverlege og som fastlege, fortel kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus.

– Så langt har vi ikkje lykkast å finne ein ny lege, men vi kan ikkje gje oss. Vi må prøve til vi får på plass ein, seier ho til Firdaposten.

Bremanger har vore utan kommuneoverlege sidan 2005, men dei ser det no som hensiktsmessig å ha ein lege med ein fot i administrasjonen.

– Det er eit veldig spennande og stort arbeidsfelt, og det er også kjekt med ei hand med i samfunnsutviklinga. Det meiner i alle fall vi som er i administrasjonen, seier Ytrehus.

Ved begge dei to tidlegare høva, har det vore søkarar. Men av ulike grunnar enda ikkje det med tilsettinga.

Artikkeltags