Helse Førde gjer det enklare for høyrslehemma å komme i kontakt med lege

Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Arkivfoto.

Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Arkivfoto. Foto:

FØRDE: Tilbyr nytt digitalt verktøy i pilotprosjekt.

DEL

​I dag kan denne pasientgruppa kun kommunisere med sin helsefaglege kontakt (til dømes audiograf eller lege) via ein meldingsdialog på sms på helsenorge.no.

Men for å få tilgang til dette, måtte pasienten først ha fått ein time hos audiografen - fram til no.
For i den nye løysinga som no blir pilotert i Helse Førde, er det direkte dialog mellom behandlar og pasient, uavhengig om pasienten er tildelt time eller ikkje. 
Mange høyrslehemma har problem med å kontakte helsevesenet, dersom det til dømes har oppstått problem med høyreapparatet. Dei høyrer gjerne ikkje godt nok til å kunne ta kontakt på telefon. 
Nokre brukar ektefelle eller andre pårørande som mellomledd. Andre sender epost, ofte utan å vite at helsevesenet grunna personvernomsyn ikkje kan svare via denne kanalen. Dermed må svaret gå med "sneglepost", og det kan gå veker før pasienten får svar.
Det er behandlar som avgjer kva pasientar som treng og får tilgang til den nye løysinga med digital dialog, og den blir aktivert av behandlar.
Det er audiografgruppa i Helse Førde med leiande audiograf Unni Johanne Tjugum Myklebust som gjennomfører piloten i Helse Førde. Prosjektleiar er Aina Russenes.

Artikkeltags