Ho vil bli sjef for Helse Førde

Åse-Iren Korneliussen, noverande helse- og sosialsjef i Solund og tidlegare KOA-sjef på Hopen, er ein av sju søkjarar til jobben som ny administrerande direktør i Helse Førde, etter Jon Bolstad.

Åse-Iren Korneliussen, noverande helse- og sosialsjef i Solund og tidlegare KOA-sjef på Hopen, er ein av sju søkjarar til jobben som ny administrerande direktør i Helse Førde, etter Jon Bolstad.

Artikkelen er over 1 år gammel

Lokal helsebyråkrat Åse-Iren Korneliussen er blant dei sju som står på søkjarlista til jobben som administrerande direktør for Helse Førde.

DEL

Det er fleire lokale namn på den sju personar lange lista som no ønskjer å ta over jobben som Helse Førde-direktør etter Jon Bolstad. Ifølgje Sogn Avis står Åse-Iren Korneliussen på lista. Korneliussen har lang fartstid innan helseadministrasjon. For tida er ho helse- og sosialsjef i Solund kommune, men ho har også hatt leiarstillingar i Bremanger kommune, og ho var med å byggje opp det private helseavlastingstilbodet KOA si avdeling på Hopen i Eikefjord for nokre år tilbake.

Ein annan floraværing som har søkt, er Kjell Ove Høydal. Høydal er deltidsbonde, NHH-utdanna, er på eigarsida i selskapet Bru Invest AS, og jobbar innan samfunnskontakt-faget hjå reiarlaget Fjord 1.

Det står også ein Helse Førde-kjenning på søkjarlista. Høyanger-rådmann Arve Varden har vore klinikksjef i Helse Førde-systemet tidlegare.

I tillegg til desse har Mads Rekve, kommunalsjef for helse i Lærdal kommune, søkt jobben. Det har også ein avdelingssjef i Helse Førde-systemet gjort, nemleg legen Tom Guldhav.

På lista står også to såkalla "profesjonelle jobbsøkjarar". Den eine er sivilingeniør Ivar Edmund Vatten frå Halsanaustan, samt ein fersk kjenning, Thorbjør Gaarder frå Oslo. Sistnemnte søkte nyleg rådmannjobben i Kinn kommune, og skulle han få napp på begge desse sunnfordsøknadene sine, lyt han ein tur i tenkeboksen.

Artikkeltags