Forseinkingar i helikoptertrafikken, og 09.25-flyet til Oslo er innstilt

DEL

Tysdag var det full stopp i helikoptertrafikken offshore, grunna snø og snøbyer. Det blir forseinkingar i trafikken også i dag, onsdag.

Passasjerane som skal med helikopter ut i Nordsjøen onsdag bes møte til vanleg tid for innsjekk, men Equinor strekar likevel under at det må ventas forseinkingar utover dagen på grunn av verforhold.

Det første helikopteret frå Heliporten i Florø skal normalt gå klokka 07.00. Det er førebels utsett til klokka 08.30.

Når det gjeld den ordinære flytrafikken er det meste venta å gå som normalt. Unntaket er flyet frå Florø til Oslo som skulle hatt avgang klokka 09.25. Dette flyet er innstilt.

Artikkeltags