Lyn set helikoptertrafikken ut av spel

CHC-helikopter i Florø.

CHC-helikopter i Florø. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Det merkar hotella i byen godt

DEL

- Det har vore utfordringar på grunn av været heilt sidan fredag. Lyn og torden har gjeve oss ein del forseinkingar, stadfestar Jon Steinset i CHC Helikopter i Florø onsdag morgon.

I skrivande stund er to av helikoptera som skulle gå på morgonkvisten i dag fått ny avreisetid. Det same er tilfelle ved fleire av dei andre flyplassane som har helikopterflygingar til og frå Nordsjøen.

Men det ser lysare ut utover dagen, seier Steinset vidare:

- Det ser ikkje så gale ut. Men i løpet av den siste halve timen er det registrert tre lynnedslag i nærområdet vårt. Vi følgjer situasjonen kontinuerleg, seier han.

Her kan du følgje helikoptertrafikken minutt for minutt

Men ikkje så gale at det er godt for noko, som dei seier. For hotella i byen har nok å gjere med å ta imot gjester som ikkje har fått komme seg til plattformane etter planen.

- Vi har fullt hus. Det koker no når været er slik det er, men det går snart over, seier resepsjonssjef Marianne Hansen ved Quality Hotel Florø.

For ho understrekar at dette ikkje kom som lyn frå klår himmel.

-  Dette er vi vande til, seier ho.

Også Comfort Hotel Florø har fulle hus med nordsjøarbeidarar som ventar på å komme seg på sokkelen.

- Det blir fort fullt når helikoptertrafikken stoppar opp, seier hotelldirektør Siv Grov.

Artikkeltags