Heldt korta tett under linje-synfaring

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

I går var Olje- og energidepartementet i Bremanger for diskutere den omstridde traseen til 420 kV kraftlinja frå Ørskog til Fardal.

DEL

Olje- og energidepartementet skal no handsame klagene i samband med Norges vassdrags- og energidirektorat sitt vedtak om kraftleidningsanlegget mellom Ørskog og Fardal. Som eit ledd i dette hadde departementet møte og synfaring i Bremanger.

I eit fullsett møterom på Svelgen hotell fekk både ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger, delegatar frå fylke og fylkesmann og lokale grunneigarar fekk gjere greie for sine synspunkt om den mykje omstridde kraftlina.

Korta tett til brystet

– Dei frå Olje- og energidepartementet lytta, noterte og var generelt interesserte. Men dei heldt korta ganske tett til brystet, fortel ordføraren.

I hans tale drog han fram det at Sogn og Fjordane i det heile har lite utbytte av denne lina, og berre ulemper.

– Vi støttar grunneigarane i Ålfoten, som meiner at det beste alternativet til kraftlinjetrase går frå Grov til Åskåra om Storebotten. Vi meiner det er det alternativet som har minst innverknad på både natur og innbyggjarar.

Ordføraren positiv

Før det bar ut i Ålfotdalen på synfaring, tok ordføraren opp utfordringane til Svelgen, og Elkem Bremanger.

– Om Elkem må kople seg til i Ålfoten må dei betale 10 millionar i regionaltariff. Lina må difor liggje nærare Svelgen.

Men sjølv om byråkratane frå departementet heldt korta tett til brystet, er Kåre Olav Svarstad positiv til utfallet.

– I Soria Moria 2 er det skissert at ein no vil ta meir omsyn til estetikk og miljø, og samfunnet rundt ei kraftlinjetrase. Dei frå departementet stadfesta at dei er lovpålagd til å ta slike omsyn, seier han.

Artikkeltags