Heile byen støtta Simon

Er her nokon som kan ta med seg lister til nabolaget eller arbeidsplassane sine, spør Kåre Leif Hollevik i aksjonskomiteen for ni år gamle Simon og faren Fkadu. Svært mange tok turen innom torget for å skrive seg på.

Er her nokon som kan ta med seg lister til nabolaget eller arbeidsplassane sine, spør Kåre Leif Hollevik i aksjonskomiteen for ni år gamle Simon og faren Fkadu. Svært mange tok turen innom torget for å skrive seg på. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Det var reine valfarten til torget i Florø i dag og underskriftsaksjonen for ni år gamle Simon frå Eritrea og far hans.

DEL

Niåringen og faren oppheld seg no begge under trøysteslause forhold i ein park i Italia etter å ha blitt kasta ut frå Florø og Norge.

Frå Fanøy

Sjeldan har så mange komme til torget på ein laurdag. Det er tydleg at historia har gjort inntrykk. Frå alle lag i byen kom folk i det fine haustvêret for å skrive seg på listene. Alle aldrar, også mange barn. Dei yngste måtte gje opp alder før dei fekk underteikne. Hit kom Alma og Dagny Hillersøy frå Fanøy begge i gåstol.

– Vi vil gjerne at guten skal komme tilbake. Det er kjekt å sjå at alle er interesserte i saka sa dei.

Kompisar

– Vi trur vi skal få Simon tilbake sa skulekameratane. Iben Solberg og Thomas Berhane. Ordførar Bente Frøyen Steindal var tidleg og signerte like etter at aksjonen starta klokka 12.00.

– Fint at de står på. Det verkar som UDI har gløymt menneska bak. Eg håpar vi får ei løysing, sa ho til initiativtakar Kåre Leif Hollevik. Dei har alt avtalt å overrekke listene til Jens Stoltenberg saman. Ordføraren har alt vore i kontakt med statsministeren om saka, men tidspunktet for overrekkinga er enno ikkje avklara.

Tusenvis

– Vi satsar på fleire tusen. Når vi er ferdige her går vi på dørene, sa Hollevik før han ropte ut spørsmålet om nokon kunne ta med seg lister ut til nærmiljøa sine. Onsdag avsluttar dei aksjonen. Dei kom godt i veg laurdag.

Høgres Jacob Nødseth var og tidleg og ute og rosa Hollevik for initiativet.

Spør ministeren

Nesten heile bystyregruppa til venstre, med Jan Henrik Nygård spissen møtte fram. Dei har alt fått stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen til å spørje arbeids- og inkluderingsministeren ut om saka. Svaret skal komme tysdag. Og sjølvsagt var alle byens hjartegode SV-arar i byen for støtte til niåringen.

Stolt over byen

Det gjer godt å sjå at heile Flora viser hjartelag, sa Siri Odijik Solbakken, SU, som sjølv gjekk rundt og intervjua dei politiske partia på stand om saka, saman med venninna Hanne Cecilie Sande. Berre på Frp folket på stand ved Amif nekta å vere med å støtte aksjonen for niåringen.

Artikkeltags