Heidi skal bruke 740 millionar på bygg

Heidi Grande Røys deltek på pressekonferanse i Sogndal

Heidi Grande Røys deltek på pressekonferanse i Sogndal Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal bruke 740 millionar kroner frå tiltakspakka til vedlikehald, oppgradering og prosjektering.

DEL

Regjeringa foreslår at Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal bruke til saman rundt 740 millionar kronar av tiltakspakka til regjeringa til vedlikehald, oppgradering og prosjektering av Statsbyggs eigedomar over heile landet.

Inkludert i dette beløpet er også igangsetjing og forsering av nye byggjeprosjekt. I tillegg ligg det også midlar til statlege bygningar og eigedom også på budsjetta til andre departement.

- Dette er ein viktig innsats for å skape aktivitet og arbeidsplassar innanfor bygg og anlegg rundt om i heile landet. Det er snakk om vedlikehaldsarbeid, oppgradering, prosjektering av nye bygg og ei raskare framdrift på nye bygg enn vi elles hadde lagt opp til. Tiltaka er også målretta på politisk prioriterte område som kunnskapsbygg og fengselsbygg, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Fengsel

Statsbygg fekk frå og med 2009 ansvar for fengsla i Noreg. I tiltakspakka blir budsjettet for fengselsbygg auka med 110 millionar kronar å dekkje inn vedlikehaldsetterslep og oppgraderingar av eigedomane.

I tillegg er det sett av 20 millionar kronar til å starte bygginga av eit aktivitetsbygg for Oslo fengsel. Med auken av vedlikehaldsmidlar på 105 millionar kronar på inneverande års budsjett, inneber dette ein total auke på 235 millionar kronar for fengsla.

Regjeringa vil også bruke tiltakspakka til ulike tiltak for universell utforming, forskjellige ENØK-tiltak og på eigedomar av kulturhistorisk verdi.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Blant bygg som har fått pengar til prosjektering er ”Det europeiske Wergelandsenter” som skal lokaliserast saman med Holocaustsenteret på Bygdøy. Det same gjeld eit utstillingsveksthus på Naturhistorisk museum på Tøyen og arbeidet med å flytte Veterinærhøgskulen til Ås.

Samlokalisering og forsering av bygginga av Høgskolen i Bergen får 65 millionar kronar, mens Høgskulen i Sogn og Fjordane er tilgodesedd med 15 millionar kronar til igangsetjing av nytt sentralbygg i Sogndal.

I Oslo skal 15 millionar kronar bli brukt for å få Høgskolens bygg for sjukepleiarutdanning raskare på plass, mens Steinkjer har fått 25 millionar kronar til utviding av Tinghuset.

100 millionar til IKT-tiltak i tiltakspakken

Artikkeltags