Gå til sidens hovedinnhold

Heider til transport-veteranar

Artikkelen er over 15 år gammel

Ni av Firda Billag sine tilsette har fått utdelt Transportbedriftenes Landsforening sitt heidersteikn i forgylt sølv og emalje med tre stjerner. Dette heidersteiknet kan utdelast etter minst 25 års samanhengande teneste.

Arrangementet var på Rica Sunnfjord Hotel sist laurdag, og det var dagleg leiar Knut Mostad i TL i Sogn og Fjordane og styreleiar Einar Målsnes i Firda Billag som stod for utdelinga. Her er litt historikk og fakta om dei som blei heidra for lang og tru teneste.

Harald Skaar, Rugsundøy

Harald Skaar byrja i billaget 6/6 1979 og då kom han frå jobb som kranførar ved Bremanger Smelteverk. Harald har hatt både Florø og Rugsund som stasjoneringsstad og vore på mykje forskjellig køyring. Spesielt i den perioden han var i Florø. Sidan 1989 har han køyrt rutene i Davik-området og ruta Davik-Florø.

Skaar eig og driv Rugsund Handelsstad saman med kona si.

Tore Lyngstad, Florø

Tore Lyngstad byrja i billaget 20/8 1979 og har heile tida vore stasjonert i Førde og Florø, men lengst i Florø. Frå 1984 hadde han ein lang periode køyring på postruta Florø-Sandane.

Han køyrde óg ein periode godsruta Florø-Oslo, og køyrer no Florø-Bergen.

Tore har prioritert å køyre gods, og kjenner svært godt systemet ut frå Bergen med omsyn til kva teperaturar dei ymse vareslaga skal ha m.m., og kva kunden ynskjer av service.

John Magne Myklebust, Svelgen

John Myklebust tok til i billaget 1/4 1980 på vår gods- og båtekspedisjon i Svelgen.

I 1991 la Fylkesbaatane ned båtrutene til/frå Svelgen og John fekk jobben som avdelingsstyrar i Svelgen.

I tillegg til avdelingssjefjobben har han óg køyrt skuleruter og elles måtte steppa inn på ymse ruter når det har vore naudsynt.

Arvid Ryland, Florø

Arvid Ryland byrja som ekspeditør på godsavdelinga i Førde 19/5 1980. Frå 15/2 1988 flytta Arvid til Florø og jobba på billaget sitt avdelingskontor. Frå 1990 har han vore avdelingsstyrar på den største uteavdelinga i billaget. I tillegg til jobben som avdelingsstyrar har han óg køyrt ein del buss.

Aslak Hovland, Eikefjord

Aslak Hovland byrja i billaget 23/9 1980 i Eikefjorden. Første tida hadde han ymse køyring og vart seinare stasjonert i Florø. Aslak har køyrt ein del buss, men har for det meste køyrt gods. I mange år køyrde han på postruta Florø-Sandane, Florø-Oslo og no i ein lang periode Florø-Bergen. Aslak har, som Tore, prioritert godskøyring og veit nøyaktig kva krav kundane har til sikker transport med matvarer frå Bergen til heimfylket.

Jarle Espeseth, Askrova i Florø

Jarle Espeseth tok til som reservesjåfør 22/9 1980 og har alltid hatt sine køyreopplegg på Askrova. Han og broren Halvar har delt på køyringa på "øya", så her har ikkje administrasjonen ikkje hatt mykje bry med å administrere køyringa. Når Jarle ikkje køyrer buss er han ute med fiskebåt, og har såleis allsidig arbeidserfaring.

Hjalmar Ness, Naustdal

Hjalmar Ness byrja i billaget 3/3 1980, først på godslageret i Førde og seinare blei han stasjonert på Fimland.

I tillegg til lokalruter i Naustdal køyrde Hjalmar mjøl frå Florø. så han har aldri hatt problem med tunge løft.

Inge Bakke, Førde

Inge Bakke byrja på delelageret på verkstaden 1/6 1980. Han har alltid vore ekstra data-interessert og han er ein av dei som har arbeidd med gode EDB-løysingar for verkstaden og delelageret hos Firda Billag.

Oddmund Tormodset, Viksdalen

Oddmund Tormodset tok til i fast arbeid 9/10 1980, men hadde óg ein kort periode i 1978/1979 før han reiste i militæret. Dei første åra jobba Oddmund på godsterminalen og på utkøyringsbil. Frå 1989 har han vore stasjonert i Viksdalen og køyrt dei ymse rutene på strekninga Mjell-Førde. Oddmund driv gard i tillegg til sjåførjobben.

I tillegg fekk følgjande sjåførar som har vorte pensjonistar i 2005, heider:

Magnar Hammar, Førde, 46 års arbeid

Jostein Grimseth, Naustdal, 44 års arbeid

Oddmund Årdalsbakke, Skei, 34 års arbeid

Jørgen Tjønneland, Førde, 25 års arbeid