No inviterer dei «laksespåmann» for å sjå inn i glaskula

Ingrid Kassen frå Norwell og Karl Petter Myklebust frå Bravo Seafood står sentralt når Laksens Dag inviterer til fagseminar på fredag 15. juni under Himmel & Hav-festivalen i Florø.

Ingrid Kassen frå Norwell og Karl Petter Myklebust frå Bravo Seafood står sentralt når Laksens Dag inviterer til fagseminar på fredag 15. juni under Himmel & Hav-festivalen i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Blir det nokon gong slutt på laksefesten, spør lakseeksportørane Ingrid Kassen og Karl Petter Myklebust. Den som kanskje har svaret, kjem til Florø 15. juni.

DEL

Fjorårets lakseseminar under Himmel & Hav-festivalen i Florø var ein ubetinga suksess. No ønskjer havbruksaktørane i fylket vårt å styrke satsinga, og fredag 15. juni kjem ei rekkje fagfolk til kystbyen for å dele kompetanse innan ulike delar av laksekjeda.

- Vi meiner vi har fått tak i nokre av dei framste innan sine fagfelt når det gjeld havbruk, seier Ingrid Kassen, dagleg leiar av lakseeksportselskapet Norwell.

I fjor var det Norwell som på vegner av Laksens Dag trekte lasset med arrangementet. I år har Kassen fått med seg konkurrentverksemda Bravo Seafood på arrangørsida.

Ope for alle

- Det tykkjer eg er heilt topp. Vi har samarbeidd godt, og målet vårt er å få besøk av flest mogleg oppdrettarar, underleverandørar - og ikkje minst politikarar som legg rammevilkåra for næringa, seier Karl Petter Myklebust - som raskt kjem med ei ekstra oppmoding:

- Seminaret er ope for alle, så dei som er nyfikne på å vite meir om næringa og framtidsutsiktene er velkomne til Haavesalen på Quality Hotel  fredag den 15. juni, seier han.

For tida har lakseprisane igjen nådd «klyp meg i armen»-prisar, på 80 kroner kiloet til oppdrettar.

- Det er svært høgt. Og det har sine sider, både positive og negative. Men det fortel at det blir produsert for lite laks, og at det finst betalingsvilje i marknaden sjølv med slike prisar, seier Myklebust.

- Men kor lenge kan prisane halde seg slik - og kva betyr det for næringa?

- Dette er noko av det vi vil setje søkjelys på under seminaret. Vi er så heldige at vi har fått tak i Kolbjørn Giskeødegård, og det er få som kan meir om temaet enn han, seier Ingrid Kassen.

Mektige ord

Giskeødegård er senioranalytikar hjå Nordea Markets, og er spesialist på sjømatnæringa.

- Når Kolbjørn uttalar seg, kan ein sjå aksjekursane røre på seg umiddelbart. Så stor tyngde har analysane og synspunkta hans, og eg har tru på at dette vil oppdrettarar og andre i næringa vår ha med seg. Og då må dei kome til Florø, oppmodar Bravo Seafood-sjefen.

Men det står meir på programmet. Til seminaret kjem Mons Alfred Paulsen frå advokatfirmaet Thommesen. Han har fiskeri- og havbruksrett som spesialfelt, og for den som går med spørsmål innan selskapsrett og skatterett i samband med omorganiseringar transaksjonar og generasjonsskifter, er han vel verd å lytte til.

Ein gammal kjenning av laksens dag er Øyvind Kråkås. No kjem han til Himmel & Hav-festen som dagleg leiar i konsulentselskapet Havbrukspartner AS, og vil fortelje om korleis dei kan vere støttespelar for oppdrettsselskapa.

Erlend Vassbotten kjem

Erlend Vassbotten er eit kjent namn, særleg for dei yngre floraværingane. Han er son av Anne Karin og Alex Vassbotten ved Steinvik Fiskefarm, og har markert seg i næringa på fleire område. Eit av prosjekta Erlend har jobba fram er Young Fish, ein nettverksorganisasjon som skal knyte band mellom yngre aktørar i havbruksbransjen. Han kjem til seminaret for å halde foredrag.

- I tillegg får vi leiinga i Erko Seafood på besøk, representer ved Leif Rune Pedersen. Dei er for veteranar å rekne når det gjeld storsmoltproduksjon på land; ein teknikk som mange no ser på, og som er eit viktig ledd i strategien for å bli meir miljøvenlege, seier Ingrid Kassen.

Og oppi det heile kjem moromann og solid kjennar av norsk havbruksnæring, Arne Hjeltnes, for å sy det heile saman.

- Arne blei svært glad over Florø-invitasjonen. Både han og fleire av foredragshaldarane blir med oss gjennom heile helga, seier Kassen

Artikkeltags