Om kort tid er det venta svar på Nekst sine søknader om 16 sjøbaserte utviklingskonsesjonar, konsesjonar som er nøkkelen til å utløyse ei tremilliardars-satsing på eit dels landbasert oppdrettsanlegg på Botnastranda i Florø.
No byrjar også politikarane å bli utolmodige på staten.
– Kommunane, fylket og Nekst har gjort jobben, og vi ber no om at Fiskeridirektoratet må følge sine eigne retningslinjer, uttaler ei samstemt gruppe beståande av varaordførar i Solund, Tom Færøy, Askvoll-ordførar Ole André Klausen og fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.
Fryktar stagnasjon
Fylkesordførar Jenny Følling er no uroa for at heile fylket ikkje har noko moglegheiter for vekst innan havbruk utan ny teknologi og utviklingskonsesjonar. Følling understrekar derfor at Nekst sitt konsept med teknologi, som er meir rømmingssikker og lusesikker, er heilt påkravd i vårt fylke.
– Solund kommune har miljø og berekraftig havbruk som sitt hovudsatsingsområde. Vi er nøydt til å ta problema med lus og rømming på største alvor seier varaordfører Tom Færøy.

– Eitt år er altfor lenge
Og det meiner ein av Nekst-gründerane, Martin Ramsdal at dei også gjer:
– I Nekst sitt tilfelle skal det takast i bruk teknologi frå bla Marine Construction og ABB, der offshoremerder, med doble patenterte nøter, kan senkast under bølgjekreftene og lusebeltet. Prosjektet er og i tråd med Fiskeridirektoratet sin «visjon nullflukt» (2016/2017) og sentrale miljømål for å hindre genetisk påverknaden på villaksen, seier Ramsdal i ei pressemelding.
Kan bety mykje for små kystkommunar
At ei eventuell Nekst-satsing vil få sysselsetjingsringverknader, har politikarane stor tru på. I Nekst sine prospekt blir det snakka om investeringar på rundt tre milliardar kroner, 100 nye arbeidsplassar og ei av dei største industrisatsingane på 50 år.

Dei får Venstre sin miljøpris
Politikarane håpar også ei slik satsing vil gje store ringverknader både for leverandørindustrien, men og for skulemiljøet på Måløy Vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet og deira satsing på havrelatert utdanning.