Verdi: 94,5 milliardar

Sjølv om lakseprisane både blei lågare og meir ustabile på tampen av 2017, blei det eit nytt rekordår for eksport av norsk sjømat.

Sjølv om lakseprisane både blei lågare og meir ustabile på tampen av 2017, blei det eit nytt rekordår for eksport av norsk sjømat. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Aldri før har Norge tent meir på sjømat.

DEL

Etter fantastiske rekordar i 2016, trudde dei færraste at norsk sjømat skulle halde fram den eventyrlege verdiveksten inn i 2017. Men trass i fallande lakseprisar på tampen av 2017, blei det nok eit rekordår for næringa som blir spådd å bli den viktigaste arvtakaren etter olje og gass.

2,6 millionar tonn

Denne veka kom dei gledelege tala frå Norsk Sjømatråd: Norsk havbruk og fiskeri produserte og eksporterte 2,6 millionar tonn sjømat i fjor, til ein samla verdi av 94,5 milliardar kroner.

Like gledeleg er det at næringa også evnar å skape fleire arbeidsplassar, trass i effektivisering og automatisering både innan dei tradisjonelle fiskeria og i havbruksnæringa har det vore sysselsetjingsvekst.

Laksen på topp

Ikkje uventa er det lakseproduksjonen som står for den største andelen av eksportverdien, med 68 prosent. Det betyr at vi i fjor eksporterte laks ut av Norge for om lag 64 milliardar kroner.

Les også: Sunnare med lågare lakseprisar

- Dette er heilt fantastiske tal. Det er lite som tyder på at etterspørselen kjem til å minke dei komande åra og difor er det viktig at vi held fram å legge til rette for sjømatnæringa, seier Framstegspartiets fiskeripolitiske talsmann, Kjell-Børge Freiberg. 

Artikkeltags