Havbruks-næringa kritiske til rutilplanane

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

HAVdyrkerne meiner at Nordic Mining bør greie ut på nytt.

DEL

Nordic Mining bør ta ein pause, auke kompetansen sin og deretter utgreie på nytt kva negative følgjer utslepp til Førdefjorden kan få for m.a. havbruksnæringa.

Det krev andelslaget HAVdyrkerne, som organiserer 30 oppdrettsverksemder i tre vestlandsfylke.

Høyringsuttalen til rutilplanane i Engebøfjellet er ført i pennen av dagleg leiar i HAVdyrkerne, Odd H. Johannessen frå Florø.

Han er ikkje kritisk berre til Nordic Mining sine manglande konsekvensutgreiingar, men også til Fylkeskommunen si rolle i saka.

– Eg opplever det som underleg at fylkesrådmannen i forslaget sitt til vedtak i fylkesutvalet ikkje nemner havbruksnæringa med eit einaste ord i rutilsaka.

Då er det nærliggjande å spørje om konsekvensar for vår næring er heilt uvesentleg dersom det blir gruvedrift i Engebøfjellet og store utslepp til Førdefjorden, seier Johannessen.

Vil skremme kundane

HAVdyrkerne si framtidsfrykt er tufta på fleire moment. Det eine er at seks millionar tonn avgangsmasse til Førdefjorden årleg kan skape ubalanse i fjordsystemet og påføre fisken sjukdom og skader.

Det andre hovudpunktet er knytt til bruken av ti tonn Magnafloc årleg, eit stoff som inneheld det kreftframkallande stoffet polyacrylamid.

– Dersom dette stoffet, og andre kjemikaliar som er tenkt nytta blir målbare i fjordsystemet der vi produserer matfisk, vil vi med stor sannsynlegheit får reaksjonar frå marknaden, med god hjelp frå miljøvernarane.

Dette vil råke heile næringa, ikkje berre dei anlegga som er lokalisert i sjølve Førdefjorden, seier Johannessen.

For dårleg dokumentasjon

Han fryktar og at Nordic Mining vil gje seg i kast med eit prosjekt som byr på utfordringar dei aldri før har stått overfor.

– Avløpsarrangementet til Førdefjorden er ikkje planlagt i detalj, og heller ikkje utprøvd i stor skala tidlegare. Nordic Mining manglar grunnleggande kunnskap og erfaring på dette feltet.

Det kan bety feil, uhell og driftsstoggar med ukontrollerte utslepp til sjø.

Ei detaljplanlegging av dette må til, og selskapet må kunne dokumentere slitasje- og levetid på røyr og intallasjonar, krev HAVdyrkerne-sjefen.

Kven kom først?

Av andre ankepunkt som blir nemnt i uttalen er problemet med detonering av sprengstoff som vil stresse oppdrettsfisken, og villaksen si framtid.

Johannessen spør også om kven som bør ha fortrinnsrett til å bruke fjorden:

– Det har vore havbruksaktivitet i Førdefjorden sidan tidleg på 1970-talet, og i det aktuelle området sidan midt på 80-talet.

Vi stiller spørsmål ved om ikkje fiskeri og havbruk har førsterett til bruk av området til næringsaktivitet, seier Johannessen.

Artikkeltags