Fabrikken som ingen såg komme

Ny fabrikkdrift: At det skulle bli ny drift i dette anlegget med mottak av sild og makrell, den tanken var gravlagt i Florø. Då poppa det opp gründerar  frå fiskeribyen Måløy og sette i gong på nytt. Måsen er no tilbake i Gunhildvågen. . Skjermdump frå video: Arve Solbakken

Ny fabrikkdrift: At det skulle bli ny drift i dette anlegget med mottak av sild og makrell, den tanken var gravlagt i Florø. Då poppa det opp gründerar frå fiskeribyen Måløy og sette i gong på nytt. Måsen er no tilbake i Gunhildvågen. . Skjermdump frå video: Arve Solbakken

FLORØ: Berre oska låg att etter fagforeiningskamp og politiske basketak då Pelagia la ned fabrikken. Men i vår dukka Hoddevik-karane opp som fugl Føniks frå Egersund.

DEL

Global Fish la planar om ny fabrikk i Egersund til sides og overlet området til det dominerande selskapet i bransjen, Pelagia. I staden fekk dei overta den nedlagde fabrikken i Gunhildvågen i Florø. I praksis dreg dei no i gang ein ny fabrikk med flett nytt utstyr. Kapasiteten blir dobla i høve tidlegare drift, frå kring 550 til 1100 tonn i døgnet.

Jobba på spreng

Teknisk sjef Helge Langeland har jobba på spreng sidan påske med å få alt på stell.

– No har eg gått her sida april, og har knapt sett ein måse på den tida, men no blir det fullt opp, smiler han.

Testkøyringa er venta å vere over i oktober, slik at dei kan bli operative i november.

Den faste staben blir på seks personar, men det vil vere 22 menneske i arbeid per skift når fabrikken tek mot fisk med full kapasitet.

TEKNISK LEIAR: Helge Langeland trivst med måsen rundt seg. Foto:AHJ

TEKNISK LEIAR: Helge Langeland trivst med måsen rundt seg. Foto:AHJ

Frå oljen

På anlegget treff vi også Bjørnar Brendø, som har lagt jobb i oljenæringa bak seg og gler seg over å vere tilbake i fast jobb i heimbyen.

Ein av seks: Bjørnar Brendø gler seg over fast jobb i ny fabrikk.

Ein av seks: Bjørnar Brendø gler seg over fast jobb i ny fabrikk.

– Det har vore nokon hektiske månader. Men no gler vi oss over å testkøyre fabrikken og komme i gang med produseringa. Det er det vi likar best, seier han.

Sals og marknadsdirektør Jan Otto Hoddevik i trippa lett utolmodig kring om i fabrikken, medan automasjonsekspertane frå Optimar finsjekka sensorar og produksjons-logistikken.

Nøgd:  Jan Otto Hoddevik er fungerande fabrikksjef.

Nøgd: Jan Otto Hoddevik er fungerande fabrikksjef.

Som fungerande fabrikksjef ønsker han å komme i gang så fort råd er. Blir båtane liggande for lenge ved kai, så mistar mottaket retten til å reklamere på kvalitet. Nettopp optimalisering av kvalitet går som ein raud tråd gjennom dei nye produksjonslinjene. Dette er ein ny type der fisken blir transportert inn og gjennom anlegget fram til pakking i underkjølt sjøvatn (RSW). Å halde temperaturen låg er avgjerande for kvaliteten på fisken.

– Fantastisk kjekk oppleving å komme inn i Florø igjen. Vi var eigarar av anlegget her til 2015, men selde til Pelagia. No gler vi oss til å komme i gang med operasjonen her i Florø igjen.

Sortering: Her går makrell gjennom sorterting på storleik og blir slusa inn i anlegget.

Sortering: Her går makrell gjennom sorterting på storleik og blir slusa inn i anlegget.

– Kva er det med måløyværingar som gjer at de er så gode i denne bransjen?

– Måløy er tufta på fiskeri og foredling. Dette har eg og familien min vakse opp med. Mange i min generasjon har levd gjennom åra med sildeoljelukt, jobba i anlegg og synest fiskeri er veldig spanande, fortel Hoddevik, som vaks opp berre to hus i frå Harald Skaar i Måløy, som bygde opp dette anlegget i Florø i regi av Skaarfish.

Brørne hoodevik, Geir og Jan Otto bygde frå slutten av 1980-talet opp Global Fish som eit av dei største selskapa i landet, med anlegg frå Egersund i sør til Trøndelag i nord.

OPTIMAR: Teknikarane i Optimar finstiller sensorar og styring av produksjonsflyten.

OPTIMAR: Teknikarane i Optimar finstiller sensorar og styring av produksjonsflyten.

I år 2000 satsa dei på å bli del av konsernet Pan Fish. Då dette stranda kjøpte Global Fish tilbake anlegga Maaløy Seafood og Skaarfish-anlegget i Florø i 2003. I 2007 fusjonerte Global Fish med Domstein, og danna konsernet Norway Pelagic. Kontrollen i dette selskapet hamna etter kvart hos Austevoll Seafood, som no er hovudeigar i Pelagia, som har fabrikkar i Kalvåg, Måløy og Selje. Hoddevik-karane gjekk ut i 2013 og har sidan 2013 drive produksjon i eit leigd anlegg i Egersund. Dei sat som eigarar av fabrikkanlegget i Florø, men selde det til Pelagia i 2017. Argumentasjonen frå Pelagia var at dei ikkje kunne satse på eit anlegg dei ikkje eigde. I staden vart eigarskapen brukt til å legge ned fabrikken.

Artikkeltags