Gå til sidens hovedinnhold

Haukåtunellen blir stengd

Artikkelen er over 12 år gammel

Frå og med måndag må reisande mellom Florø og Svelgen belage seg på å ta ferje.

– Haukåtunellen stengjer måndag morgon og kjem til å vere stengd i tre veker framover.

Det stadfestar anleggsleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

– Grunnen til at vi vel å stengje tunnelen er at fjellet er i så dårleg stand at vi ikkje kan garantere for tryggleiken til trafikantane. Det fell masse laus stein ned i vegbana, stein på mellom fem og ti kilo, seier han.

Dei tre vekene skal Vegvesenet bruke på å sprengje ut fullt tverrsnitt til to køyrebaner, for å gje betre sikt over vegen inne i tunnelen. Ein skal også sprøyte eit rimeleg tjukt lag betong på veggene, før veggene vert bolta.

Reisande mellom Svelgen og Florø må belage seg på å ta ferje mellom Kjelkenes, Smørhamn og Florø, ein tur som tek kring to timar. Vegvesenet og Fjord har førebels ikkje avklart om det er M/F «Førdefjord» som skal ta den endra ruta åleine, eller om ei ekstra ferje skal setjast inn.

– Ingen ønskesituasjon

Dette er ikkje ein ønskesituasjon for Bremanger kommune. Det seier rådmann Tom Joensen.

– Reint praktisk er kommunikasjonen mellom Svelgen og Florø viktig i mange samanhengar. Både post, varer, sjuketransport og ikkje minst pendling tek no lenger tid, seier han.

Den endra køyreruta får også verknader for Elkem Bremanger. Mesteparten av råvarelevering og produktlevering går via transportskip, men det er likevel ein god del tungtransport og persontransport som må belage seg på ei endra og forlenga køyrerute.

– Klart, dette kan bli utfordrande for Elkem Bremanger. Vi har tilsette som bur i Florø, Førde og Norddalsfjord. Og ein del leverandørar som nyttar vegen. Men situasjonen er no slik den ein gang er; vi må tenkje positivt på det og berre planleggje litt betre. I det minste blir tunnelen utbetra.

Det seier verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle.