«Haugefisk» til Shetland

«HAUGEFISK»: Det var reine valfarten ombord då autolinebåten kom attende til Bremanger i 2006, no som museumsbåt.  «Haugefisk»  er formelt eigd av Kystmuseet, men har heimehamn i Iglandsvik i Bremanger, der dei fleste av «Haugefisk?s Vener» held til.Arkivfoto: Annbjørg H. Nygård

«HAUGEFISK»: Det var reine valfarten ombord då autolinebåten kom attende til Bremanger i 2006, no som museumsbåt. «Haugefisk» er formelt eigd av Kystmuseet, men har heimehamn i Iglandsvik i Bremanger, der dei fleste av «Haugefisk?s Vener» held til.Arkivfoto: Annbjørg H. Nygård

Artikkelen er over 5 år gammel

Veteranlinebåten «Haugefisk» frå Bremanger og Kystmuseet, skal vere med på eit større arrangement på Shetland 17. mai. Statsminister Jens Stoltenberg skal også vere til stades på markeringane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Båten er invitert over i samband med opninga av det renoverte krigsmuseet og minnesmerka i Scalloway, bl.a. nyopninga av slippen som har fått namn etter dåverande kronprins Olav.

Krigen

Krigen skapte sterke band mellom Noreg og Shetland. Dette var for dei fleste vestlendingar kortaste vegen over til fridommen frå eit okkupert heimland.

Også etter krigen og like fram til vår tid har det vore sterke band mellom dei to nære naboane. Norske fiskarar var faste gjester i Lerwick på Shetland, både under landligge og i mange andre samanhengar.

- Vi har ikkje gått ut med det tidlegare, for det har ikkje heilt vore klart med finansieringa, fortel Jostein Nødseth som blir skipper på turen.

50 tusen

Dei har søkt Sogn og Fjordane fylke og Bremanger kommune om til saman 4050 000 kroner som i all hovudsak vil gå med til drivstoff. Elles er det slik at dei som vil vere med, må dekke mat og slike ting sjølve.

- Bremanger har sagt at dei skal vere med å hjelpe, og eg går ut frå at også fylket vil bidra til ei slik markering på sjølvaste nasjonaldagen, seier Kåre Jarl Langeland som sit i Bremanger formannskap for Venstre.

Fleire med

Skipper Nødseth satsar på å gå vestover seinast 14. mai og vil først gå til Lerwich, og deretter til Scalloway (på vestsida av Shetland) den 16. mai.

Det er også venta at tre andre fartøy blir med. Kystvakta skal over, det same gjeld «den gamle Shetlandsfararen «Heland» frå Sunnmøre Museum, og truleg også den restaurerte fiskebåten «Nybakk» frå Raudeberg.

Både «Haugefisk» og «Nybakk» er fiskebåtar som tidlegare har drifta på felta rundt Shetland, og mang ein gong lege i Lerwich for proviantering og andre ærend.

Kven blir med på turen?

- Fordi det ikkje har vore klart så langt, har vi berre gjort det kjent innan «Haugefisk’s Vener», men vi må snart ta stilling til å annonsere turen, seier Nødseth.

Artikkeltags